bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1921 (Studentmållagsbibelen) (SMB)
/
Proverbs 10
Proverbs 10
Norwegian 1921 (Studentmållagsbibelen) (SMB)
← Chapter 9
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 11 →
1
Ordtøke av Salomo. Ein vis son er til gleda for far sin, men ein dårleg son er mor si til sorg.
2
Ragn-fegne skattar gagnar inkje, men rettferd frelser frå dauden.
3
Herren let ikkje rettferdig mann hungra, men giren hjå gudlause viser han burt.
4
Lat-hand skaper armod, men strevsam hand gjer rik.
5
Ein klok son sankar um sumaren, ein skjemdar-son søv um hausten.
6
Velsigningar kjem yver hovudet på den rettferdige, men munnen åt dei gudlause gøymer vald.
7
Minnet um den rettferdige ert til velsigning, men namnet åt dei gudlause morknar.
8
Den vise tek imot påbod, men gapen gjeng til grunns,
9
den som ferdast i uskyld, ferdast trygt, men den som gjeng krokvegar, skal verta kjend.
10
Den som blinkar med auga, valdar vondt, men gapkjeften gjeng til grunns.
11
Rettferdig manns munn er ei livsens kjelda, men munnen åt gudlause gøymar vald.
12
Hat yppar trætta, men kjærleik breider yver alle brot.
13
På vitug manns lippor er visdom å finna, men riset høver åt ryggen på dåren.
14
Dei vise gøymer kunnskapen sin, men or narremunn kann ein venta fåre.
15
Rikmanns eiga er hans faste by; fatigfolks ulukka er deira armod.
16
Det den rettferdige tener, gjeng til liv, det den gudlause vinn, gjeng til synd.
17
Den som på tukt tek vare, gjeng til livet, men den fer vilt som ikkje agtar age.
18
Den som løyner hat, hev ljugarlippor, og den som breider ut baktale, er ein dåre.
19
Der d’er mange ord, vil synd ikkje vanta, men den som set lås for lipporn’, er klok.
20
Rettferdig manns tunga er utvalt sylv, men gudløysings vit er lite verdt.
21
Rettferdig manns lippor læskar mange, men dårarne døyr for dei vantar vit.
22
D’er Herrens velsigning som gjer rik, og eige stræv legg inkje til.
23
Dåren finn moro i skjemdarverk, men den vituge mannen i visdom.
24
Det den ugudlege gruar for, kjem yver han, og det rettferdige ynskjer, vert deim gjeve.
25
Der stormen hev fare, er den gudlause burte, men den rettvise stend på æveleg grunn.
26
Som edik er for tennerne og røyk for augo, so er letingen for den som sender han.
27
Otte for Herren lengjer livet, men gudløysings år vert stytte.
28
Rettferdige kann venta gleda, men voni åt gudlause vert til inkjes.
29
Herrens veg er vern for den skuldfri, men øydeleggjing for illgjerningsmenner.
30
Rettferdig mann skal aldri rikkast, men gudlause skal ei få bu i landet.
31
Rettferdig manns munn ber visdoms frukt, men avskori vert den falske tunga.
32
Rettferdig manns lippor søkjer hugnad, men munnen på gudlause berre fals.
← Chapter 9
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 11 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31