bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1921 (Studentmållagsbibelen) (SMB)
/
Proverbs 30
Proverbs 30
Norwegian 1921 (Studentmållagsbibelen) (SMB)
← Chapter 29
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 31 →
1
Ord av Agur, son åt Jake, profetordet. Mannen segjer so til Itiel, til Itiel og Ukal:
2
For fåvis er eg til å heita mann, og ikkje hev eg manne-vit.
3
Visdom hev eg ikkje lært, til kunnskap um den Heilage.
4
Kven hev stige upp til himmelen og stige ned? Kven hev samla vinden inn i nevarne? Kven hev bunde vatnet i eit klædeplagg? Kven hev alle enderne av jordi sett? Kva heiter han, kva heiter son hans - um du veit det?
5
Alt Guds ord er skirt, han er ein skjold for deim som flyr til honom.
6
Legg ikkje noko til hans ord, elles lyt han refsa deg, og du stend der ein ljugar.
7
Tvo ting hev eg bede deg um, neitta meg deim ikkje, fyrr eg døyr:
8
Lat fals og lygn vera langt frå meg! Gjev meg ikkje armod og ikkje rikdom! Lat meg få eta mitt tiletla brød!
9
Elles kunde eg neitta deg når eg var mett, og segja: «Kven er Herren?» Eller um eg vart fatig, kunde eg stela, ja, forgripa meg på min Guds namn.
10
Baktala ei ein tenar for hans herre, elles vil han banna deg, og du få bøta.
11
Ei ætt som bannar far sin og ikkje signar mor si,
12
ei ætt som tykkjer ho er rein, endå ho ei hev tvætta av sitt eige skarn,
13
ei ætt - kor stolte augo hev ho ikkje, og kor ho lyfter augneloki!
14
ei ætt som heve sverd til tenner og jakslar reint som knivar, so ho et armingar or landet og fatige or folkesamfund.
15
Blodiglen hev tvo døtter: Gjev! Gjev! Tri finst det som aldri vert mette, fire som ei segjer: «Nok!»
16
Helheim og barnlaust moderfang, jordi som aldri vert mett av vatn, og elden som ei segjer: «Nok!»
17
Eit auga som spottar far og vanvyrder lydnad mot mor, det skal bekkje-ramnarne hakka ut og ørnungar eta upp.
18
Tri ting er meg for underlege, og fire finst som eg ikkje skynar:
19
Ørns veg på himmelen, orms veg på berget, skips veg på havet og manns veg til møy.
20
Soleis ber utru kona seg åt: Ho et og turkar seg um munnen og segjer: «Eg hev ikkje gjort noko vondt.»
21
Under tri skjelv jordi, under fire kann ho ’kje herda:
22
under trælen når han vert konge, og dåren når han fær eta seg mett,
23
under attergløyma når ho vert gift, og trælkvinna når ho erver si frua.
24
Fire finst det som er små på jordi, og endå hev dei fenge visdom stor:
25
Mauren er ’kje noko sterkt folk, og endå lagar han sin mat um sumaren.
26
Fjellgrevlingarne er ’kje noko veldugt folk, og endå byggjer dei seg hus i berget.
27
Grashopparne hev ingen konge, og endå fær dei alle ut i fylking.
28
Fjorføtla kann du ta med henderne, og endå bur ho inni kongeslott.
29
Tri finst det som stig med staute stig, og fire hev ei fager gonga:
30
Løva ei kjempa millom dyri, og som ikkje snur seg for nokon,
31
hesten mjå um midja, eller bukken, og ein konge med leidingheren.
32
Gjer du deg stor, anten narr eller klårtenkt, so legg handi på munnen!
33
For trykk på mjølk gjev smør, og trykk på nase gjev blod, og trykk på vreide gjev strid.
← Chapter 29
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 31 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31