bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1921 (Studentmållagsbibelen) (SMB)
/
Proverbs 4
Proverbs 4
Norwegian 1921 (Studentmållagsbibelen) (SMB)
← Chapter 3
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 5 →
1
Høyr etter, born, når far dykkar tuktar, og gjev gaum, so kann de læra å skyna!
2
For eg gjev dykk ein lærdom god; gakk ikkje frå mi upplæring!
3
For eg var og barn for far min, og mor sin einaste veslegut.
4
Då lærde han meg og sagde til meg: «Lat hjarta ditt hanga ved mine ord, tak vare på mine bod, so skal du liva.
5
Kjøp deg visdom, kjøp deg vit, Gløym ei, vik ei burt frå ordi eg segjer!
6
Gakk ei frå visdomen, so skal han vakta deg, elska han, so skal han vara deg.
7
Upphavet til visdom er: Kjøp deg visdom! Og kjøp deg vit for all di eiga!
8
Set han høgt, so skal han upphøgja deg, han fører deg til æra når du tek han i fang.
9
Han set på ditt hovud ein yndeleg krans, ei kruna so fager han gjev deg.»
10
Høyr, min son, og tak imot mine ord, so vert dine livs-år mange.
11
Eg viser deg visdoms veg, eg fører deg fram på beine stigar.
12
Når du gjeng, skal du stiga fritt, når du spring, skal du ikkje snåva.
13
Haldt fast på agen, slepp han ikkje, tak vare på han, for han er ditt liv.
14
På gudlause-stig må du ikkje koma, ei fara den vegen dei vonde fer.
15
Lat han vera, gakk ikkje på han, vik frå han og kom deg undan!
16
For dei søv ikkje, fær dei ’kje synda, dei misser svevnen, fær dei ikkje folk til å falla.
17
Gudløysa er det brødet dei et og vald er den vinen dei drikk.
18
Men den stigen rettferdige gjeng, er som morgonglima som ljosnar og ljosnar til dagen renn.
19
Den vegen dei ugudlege gjeng, er som kolmyrkret, dei veit ikkje kva dei snåvar i.
20
Son min, agta på ordi mine, vend ditt øyra til det eg segjer!
21
Lat dei ikkje vika frå augo dine, vara dei djupt i hjarta!
22
For det er liv for kvar som finn det, og lækjing for heile hans likam.
23
Framfor alt som du vaktar, tak vare på hjarta, for livet gjeng ut frå det.
24
Haldt svik med munnen ifrå deg, og burt med falske lippor!
25
Lat augo dine sjå beint fram, og augnekasti skoda ende fram for deg!
26
Jamna stigen for din fot, og lat alle dine vegar vera støde.
27
Vik ei til høgre eller vinstre, vend foten ifrå det vonde!
← Chapter 3
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 5 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31