bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1921 (Studentmållagsbibelen) (SMB)
/
Proverbs 14
Proverbs 14
Norwegian 1921 (Studentmållagsbibelen) (SMB)
← Chapter 13
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 15 →
1
Kvinnevisdom byggjer huset sitt, men dårskap riv det ned med henderne.
2
Den som ottast Herren, fer ærleg fram, men krokvegar gjeng den som vanvyrder honom.
3
I narrens munn er ovmods ris, men dei vise hev lipporne sine til vern.
4
Utan uksar er krubba tom, men når stuten er sterk, vert innkoma stor.
5
Ikkje lyg eit ærlegt vitne, men det falske vitne andar lygn.
6
Spottaren søkjer visdom, men fåfengt, men lett finn den skynsame kunnskap.
7
Gakk burt frå ein dåre, ei fekk du der merka lippor med kunnskap.
8
Klok manns visdom er: han skynar vegen sin, men dåre-narreskapen er: dei svik seg sjølv.
9
Dårar fær spott av sitt eige skuldoffer, men millom ærlege folk er godhug.
10
Hjarta kjenner si eigi sorg, og gleda legg ingen framand seg uppi.
11
Gudlause folk fær sitt hus lagt i øyde, men ærlege folk ser tjeldet sitt bløma.
12
Mang ein veg tykkjer folk er rett, men enden på honom er vegar til dauden.
13
Jamvel midt i låtten kjenner hjarta vondt, og enden på gleda er sorg.
14
Av åtferdi si skal den fråfalne mettast, og ein god mann held seg burte frå han.
15
Den einfalde trur kvart ordet, men den kloke agtar på sine stig.
16
Den vise ottast og held seg frå vondt, men dåren er brålyndt og trygg.
17
Bråsinna mann gjer narreverk, og meinsløg mann vert hata.
18
Einfalde erver dårskap, men dei kloke fær kunnskap til krans.
19
Vonde skal bøygja seg for dei gode, og gudlause ved portarne til den rettferdige.
20
Ein fatig vert hata av venen sin jamvel, men ein rik vert elska av mange.
21
Vanvyrder du næsten din, syndar du, men sæl den som ynkast yver armingar.
22
Skal ikkje dei fara vilt som finn på vondt, og miskunn og truskap timast deim som finn på godt?
23
Alt stræv fører vinning med seg, men tome ord gjev berre tap.
24
Rikdomen er for dei vise ei krans, men narreskapen hjå dårar er narreskap.
25
Eit sanningsvitne bergar liv, men den som andar lygn, er full av svik.
26
Den som ottast Herren, hev ei borg so fast, og for hans born det finnast skal ei livd.
27
Otte for Herren er livsens kjelda, so ein slepp undan daudesnaror.
28
Mykje folk er konungs prydnad, men folkemink er hovdings fall.
29
Langmodig mann hev mykje vit, men bråhuga mann syner narreskap.
30
Spaklyndt hjarta er likamens liv, men ilska er ròt i beini.
31
Trykkjer du armingen, spottar du skaparen hans, men du ærar skaparen når du er mild mot fatigmann.
32
I ulukka si lyt den gudlause stupa, men den rettferdige hev trygd når han skal døy.
33
I hjarta på den vituge held visdomen seg still, men hjå dårar ter han seg fram.
34
Rettferd upphøgjer eit folk, men syndi er skam for folki.
35
Kongen likar godt den kloke tenar, men harmast på den som skjemmer seg ut.
← Chapter 13
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 15 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31