bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1921 (Studentmållagsbibelen) (SMB)
/
Proverbs 17
Proverbs 17
Norwegian 1921 (Studentmållagsbibelen) (SMB)
← Chapter 16
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 18 →
1
Betre er ein turr brødmole med ro attåt enn huset fullt av høgtidskost med trætta til.
2
Den kloke tenar skal råda yver ein uvisleg son, og millom brøder fær han skifta arv.
3
Diglen røyner sylvet og omnen gullet, men den som røyner hjarto, det er Herren.
4
Den vonde lyder på vondskapslippa, ljugaren lyder på tyningstunga.
5
Spear du den fatige, so spottar du hans skapar, den som gled seg yver ulukka, skal få si refsing.
6
Ein krans for dei gamle er barneborn, og ei æra for borni er federne deira.
7
Det høver ikkje for ein dåre å tala store ord, enn mindre for ein fagnamann å ljuga.
8
Gåva er ein glimestein for den som fær ho; kvar ho vender seg, der fær ho framgang.
9
Søkjer du kjærleik, skyler du misgjerd, men riv du upp att ei sak, skil ven frå ven.
10
Vondord gjer meir på den vituge enn hundrad hogg på dåren.
11
Berre upprør søkjer den vonde, men ein hard bodberar vert send imot han.
12
Møt heller ei binna som hev mist sine ungar enn ein dåre med narreskapen hans!
13
Den som løner godt med vondt, frå hans hus skal ikkje det vonde vika.
14
Å taka til med strid er som å sleppa vatn ut, haldt difor upp med trætta fyrr nokon gliser med tennerne!
15
Den som frikjenner ein ugudleg og den som domfeller ein rettferdig, dei er båe tvo ein styggedom for Herren.
16
Kva skal pengar i handi på dåren? Å kjøpa visdom hev han ’kje vit til.
17
Venen elskar alltid, og bror vert fødd til hjelp i naud.
18
Ein vitlaus mann er den som handtekst, som gjeng i borg hjå grannen sin.
19
Den som elskar trætta, elskar misgjerning, den som byggjer døri si høg, søkjer fall.
20
Den som hev eit rangt hjarta, vinn ikkje lukka, og den som forvender tunga si, fell i ulukka.
21
Den som avlar eit narr, fær sorg, og ikkje gled seg far til ein dåre.
22
Gladværugt hjarta gjev lækjedom god, men nedslege mod fær beini te visna.
23
Gudlaus mann tek gåva i løynd til å bøygja rettargangen.
24
Den vituge hev visdom for augo, men dåren hev augo ved heimsens ende.
25
Uvitug son er til gremme for far sin, og beisk sorg for henne som fødde’n.
26
Det er ’kje godt at og rettferdige fær refsing, og ei at fagna folk fær slag for det som rett er.
27
Den skynsame sparer på ordi, og den vituge mann er kald i hugen.
28
Um dåren tagde, gjekk han og for vismann, og for ein vitug mann når han heldt munn.
← Chapter 16
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 18 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31