bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Ezekiel 11
Ezekiel 11
Norwegian 1938
← Chapter 10
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 12 →
1
So lyfte eit ver meg upp og flutte meg til Øystreporten på Herrens hus, den som snur mot aust. Attmed inngangen til porten såg eg fem og tjuge menner og midt ibland dei Ja'asanja Assursson og Pelatja Benajason, som var hovdingar i folket.
2
Og Herren sa til meg: Menneskeson! Der er dei mennene som tenkjer ut urett og råder til det som vondt er i denne byen,
3
dei som segjer: Det ber ikkje so snart til med husbyggjingi; han er gryta, og me er kjøtet.
4
Difor, spå imot dei, spå, du menneskeson!
5
Då fall Herrens Ande på meg, og han sa til meg: Seg: So segjer Herren: Soleis hev de sagt, de Israels-menner, og kva som leikar dykk i hugen, det veit eg vel.
6
Mykje folk hev de drepe i denne byen; de hev fyllt gatone der med drepne menner.
7
Difor segjer Herren, Israels Gud, so: Dei som de hev drepe og late liggja der, dei er kjøtet, og byen er gryta; men dykk skal dei føra ut or han.
8
Sverd ottast de, og sverd vil eg lata koma yver dykk, segjer Herren Israels Gud.
9
Eg vil føra dykk ut or byen og gjeva dykk i hendene på framande, og eg vil halda dom yver dykk.
10
For sverd skal de falla; burtmed Israels landskil vil eg døma dykk, og de skal sanna at eg er Herren.
11
Byen skal ikkje vera ei gryta åt dykk, og de skal ikkje vera kjøtet i den; burtmed Israels landskil vil eg døma dykk.
12
Og de skal sanna at eg er Herren, de som ikkje hev fylgt mine bod og ikkje halde mine lover; men etter lovene åt heidningfolki som bur rundt ikring dykk, hev de halde dykk.
13
Medan eg heldt på og spådde, døydde Pelatja Benajason; då kasta eg meg å gruve og ropa med høg røyst: Å, Herre, Herre! Vil du reint gjera ende på det som er att av Israel?
14
Då kom Herrens ord til meg, det lydde so:
15
Menneskeson! Dine brør, dine brør, dine nære frendar og all Israels-lyden, heile folket, til dei er det Jerusalem-buane segjer: Haldt dykk langt burte frå Herren! Me hev fenge landet til eiga.
16
Difor skal du segja: So segjer Herren, Israels Gud: Då eg førde dei langt burt imillom heidningfolki og spreidde dei i landi, då vart eg eit lite bel ein heilagdom for dei i dei landi der dei kom.
17
Difor skal du segja: So segjer Herren, Israels Gud: Eg vil samla dykk i hop frå folkeslagi og sanka dykk utor landi som de er ikringspreidde i, og eg vil gjeva dykk Israels land.
18
Og når dei kjem dit, skal dei hava burt or det all ufysna og styggedomen som finst der.
19
Og eg vil gjeva dei eit hjarta, og ei ny ånd vil eg gjeva inni dei; eg vil taka burt steinhjarta or deira kjøt og gjeva dei eit kjøthjarta,
20
so dei skal leva etter mine bod og halda mine lover og gjera etter dei. So skal dei vera mitt folk, og eg vil vera deira Gud.
21
Men dei som let hjarta sitt fylgja dei ufyselege og avstyggelege avgudane deira, deira åtferd vil eg lata koma att på deira eige hovud, segjer Herren, Israels Gud.
22
Då lyfte kjerubane vengene sine, og hjuli fylgde med, og herlegdomen åt Israels Gud var uppyver dei.
23
Og Herrens herlegdom steig upp frå byen og stana på det fjellet som er austanfor byen.
24
So lyfte eit ver meg upp og førde meg i syni ved Guds Ande til dei burtførde i Kaldea; og syni som eg hadde set, for upp ifrå meg.
25
Og eg tala til dei burtførde alle dei ord som Herren hadde synt meg.
← Chapter 10
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 12 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48