bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Ezekiel 39
Ezekiel 39
Norwegian 1938
← Chapter 38
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 40 →
1
Og du menneskeson, spå mot Gog og seg: So segjer Herren, Israels Gud: Sjå, eg kjem yver deg, Gog, du fyrste yver Ros, Mesek og Tubal!
2
Eg vil snu deg um og jaga deg fram og føre deg upp frå landet lengst nord i heimen og lata deg koma upp på Israelsfjelli.
3
Der vil eg slå bogen din utor vinstre handi og lata pilene dine detta utor høgre handi.
4
På Israelsfjelli skal du falle, du og all herskarane dine og folkeslagi som er med deg; eg gjev deg til mat åt alle slag rovfuglar og åt villdyri på marki.
5
På marki skal du falla; for eg hev tala, segjer Herren, Israels Gud.
6
Og eg vil senda eld mot Magog og mot dei som bur trygt i øylandi; og dei skal sanna at eg er Herren.
7
Mitt heilage namn vil eg gjera kunnigt bland mitt folk Israel, og aldri meir vil eg lata mitt heilage namn verta vanhelga; og folkeslagi skal sanna at eg er Herren, heilag i Israel.
8
Sjå, det kjem, det hender, segjer Herren, Israels Gud; det er dagen som eg hev tala um.
9
Då skal dei som bur i Israelsbyane, ganga ut og gjera upp eld og nøra han med herbunader og små og store skjoldar, med bogar og piler og stavar og spjot, og dei skal bruka det til å elda med i sju år;
10
dei skal ikkje henta ved or marki og ikkje hogga i skogane, men med herbunadene skal dei elda; og dei skal rana sine ransmenner og herja sine herjarar, segjer Herren, Israels Gud.
11
På den dagen vil eg gjeva Gog ein gravstad i Israel, Ferdamannsdalen austanfor havet, og han skal stengja vegen for ferdafolket; der skal dei gravleggja Gog og heile mannemugen hans og dei skal kalla staden Gogs-muge-dalen.
12
I sju månader skal Israels-lyden halda på med å jorda dei, so landet kann verta reinsa.
13
Heile landslyden skal vera med og jorda dei, og det skal gjera dei namngjetne den dagen eg syner meg herleg, segjer Herren, Israels Gud,
14
Dei skal velja ut nokre menner som stødt skal fara um i landet, og andre som skal hjelpa dei til å jorda dei som ligg att utyver marki rundt ikring i landet, so dei fær reinsa det. Når sju månader er lidne, skal dei taka til med leitingi;
15
og når dei er ute på si ferd, dei skal fara um i landet, og einkvan av dei fær sjå eit mannebein, so skal dei setja upp et merke der, til gravarane fær grave det ned i Gogs-muge-dalen.
16
Det skal vera ein by der med namnet Hamona. Soleis skal og dei reinsa landet.
17
Og du menneskeson! So segjer Herren, Israels Gud: Seg til allslags fuglar og til alle villdyri på marki: Samla dykk saman og kom, sanka dykk frå alle leider til slaktofferet som eg slaktar åt dykk, eit stort slaktoffer frå Israelsfjelli; de skal få eta kjøt og drikka blod.
18
Kjøt av kjempor skal de få eta, og blod frå fyrstar skal de få drikka, verar, lamb og bukkar og uksar, gjødde i Basan alle i hop.
19
De skal få eta dykk mette på feitt og drikka dykk drukne på blod av slaktofferet som eg slaktar åt dykk.
20
De skal verta mette ved mitt bord med ridehestar og vognhestar, med kjempor og hermenner av alle slag, segjer Herren, Israels Gud.
21
Eg vil syna meg herleg millom folki, og alle folki skal sjå den domen som eg hev halde, og mi hand som eg hev lagt på dei.
22
Israels-lyden skal sanna at eg er Herren deira Gud, frå den dagen og framleides;
23
og folkeslagi skal skyna at det var for si misgjerning Israels-lyden vart burtførd, for di dei for med svik imot meg, so eg løynde mi åsyn for dei og gav dei i fiendehand, so dei fall for sverd alle saman,
24
etter deira ureinskap og deira brot for eg fram imot dei og løynde mi åsyn for dei.
25
Difor segjer Herren, Israels Gud, so: No vil eg enda Jakobs fangetid og miskunna heile Israels-lyden og vera ihuga for mitt heilage namn.
26
Og dei skal bera si skam og all si utrue framferd imot meg, når dei bur trygt i landet sitt, og ingen skræmer dei.
27
Når eg fører dei attende frå folkeslagi og sankar dei frå fiendelandi og syner min heilagdom på dei for augo på dei mange folki,
28
då skal dei sanna at eg er Herren deira Gud; for um eg førde dei burt til folkeslagi, so hev eg samla dei att i deira eige land og let ikkje ein einaste av dei vera att der ute.
29
So vil eg aldri meir løyna mi åsyn for dei, for eg vil renna ut min Ande yver Israels-lyden, segjer Herren, Israels Gud.
← Chapter 38
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 40 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48