bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Ezekiel 5
Ezekiel 5
Norwegian 1938
← Chapter 4
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 6 →
1
Og du menneskeson, tak deg eit kvast sverd! Bruk det til rakekniv og far yver hovudet og skjegget med det, og tak deg so ei skålvekt og skift det du hev raka av!
2
Ein tridjepart skal du brenna upp midt i byen, når kringsetjingsdagane er lidne, og ein tridjepart skal du taka og hogga i med sverdet rundt ikring byen, og ein tridjepart skal du spreida for vinden, og med drege sverd vil eg setja etter dei.
3
Men nokre få hår skal du taka undan og knyta inn i kjolesnippane dine,
4
og av dei att skal du taka nokre og kasta dei midt inn i elden og brenna dei upp; derifrå skal koma eld yver all Israels-lyden.
5
So segjer Herren Gud: Dette Jerusalem, sette eg midt millom heidningfolki og la land rundt ikring det;
6
men det sette seg upp mot mine lover, so det var ugudlegare enn heidningfolki, og mot mine bod so det var ugudlegare enn landi rundt ikring; for dei vanda mine lover og heldt seg ikkje etter mine bod.
7
Difor segjer Herren, Israels Gud, so: Av di det hev rasa verre enn heidningfolki som bur rundt ikring dykk, av di de ikkje hev halde dykk etter mine bod og ikkje gjort etter mine lover, ja, ikkje ein gong gjort etter lovene åt heidningfolki som bur rundt ikring dykk,
8
difor segjer Herren Israels Gud, so: Sjå, eg kjem yver deg, eg og, og eg vil halda dom hjå deg for augo på heidningfolki,
9
og eg vil gjera med deg slikt som eg aldri fyrr hev gjort og aldri meir vil gjera maken til - for all styggedomen din.
10
Difor skal foreldre eta borni sine hjå deg, og born skal eta foreldri sine, og eg vil halda dom hjå deg, og spreida alt som vert att av deg, for alle vindar.
11
Difor, so visst som eg lever, segjer Herren Israels Gud, sanneleg, etter di du hev sulka min heilagdom med alle dei ufyselege avgudane dine og all styggedomen din, so vil eg og snu auga mitt ifrå deg utan nåde og ikkje spara deg.
12
Tridjeparten av deg skal døy av sott og setja til av svolt midt i deg, og tridjeparten skal falla for sverd rundt ikring deg, og tridjeparten vil eg spreida for alle vindar og elta med drege sverd.
13
All min vreide skal verta utrend, og eg vil svala min harm på dei og taka hemn; då skal dei sanna at eg, Herren, hev tala i min brennhug, når eg renner ut all min harm på dei.
14
Og eg vil gjera deg til ei audn og til spott millom folki som bur rundt ikring deg, for augo på kvar ein som fer framum,
15
du skal verta åt spott og hæding, til ei åtvaring og skræma for folki som bur rundt ikring deg, når eg held dom yver deg med vreide og harm og med harmfulle refsingar - eg, Herren hev tala -
16
når eg sender inn ibland dei vonde hunger-pilene, som er etla til tynarverk, dei som eg sender til å tyna dykk med, når eg haugar upp hunger yver dykk og bryt sund brød-staven for dykk.
17
Eg vil senda yver dykk svolt og udyr, og dei skal gjera deg barnlaus, og sott og blod skal ganga yver deg, og sverd vil eg lata koma yver deg; eg Herren, hev tala.
← Chapter 4
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 6 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48