bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Ezekiel 42
Ezekiel 42
Norwegian 1938
← Chapter 41
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 43 →
1
So førde han meg ut i den ytre fyregarden den vegen som gjekk nordetter, og sidan førde han meg til dei kovane som låg midt framfor det fråskilde tunet og beint imot bygnaden i nord,
2
til langsida, som var på hundrad alner, med inngang i nord, men breiddi var femti alner.
3
Ut imot det tjuge alner breide stykket av den indre fyregarden og ut imot steingolvet i den ytre fyregarden var det sval mot sval i tri høgder.
4
Framanfor kovane var det ein ti alner breid gang innetter, ein veg på ei aln, og dørene deira snudde i nord.
5
Dei øvste kovane var mindre enn hine; for svalene tok burt meir rom frå dei enn frå dei nedste og dei millomste i bygnaden;
6
for dei låg i tri høgder, men hadde ikkje sulor, so som fyregardane hadde; difor vart det mindre rom i dei øvste kovane enn i dei nedste og millomste, frå jordi og uppetter.
7
Ein mur som var utanfor, frammed kovane, imot den ytre fyregarden, gjekk framanfor kovane; han var femti alner lang.
8
For lengdi på dei kovane som låg imot den ytre fyregarden, var femti alner, men mot templet hundrad alner.
9
Nedunder desse kovane var inngangen frå aust, når ein gjekk inn i dei frå den ytre fyregarden.
10
Der som fyregards-muren mot aust var på det breidaste, framanfor det fråskilde tunet og framanfor bygnaden, låg det og kovar,
11
og framanfor dei gjekk det ein veg; dei såg ut som dei kovane som låg mot nord; dei var like lange og like breide som dei, alle utgangar og tilskipnader elles hadde dei like eins som dei, og som dørene på dei,
12
so var og dørene på dei kovane som låg mot sud; det var ei dør der som vegen tok til, vegen frammed den muren som høyrde til, vegen austetter, der ein gjekk inn til dei.
13
So sa han til meg: Kovane mot nord og kovane mot sud, som ligg ut imot det fråskilde tunet, dei er heilage kovar, der prestane, som stig fram for Herren, skal eta det høgheilage; der skal dei leggja det høgheilage, både matofferet og syndofferet og skuldofferet; for det er ein heilag stad.
14
Når prestane gjeng inn, skal dei ikkje ganga ut att or heilagdomen og ut i den ytre fyregarden, men der skal dei leggja av seg klædi som dei gjer tenesta i; for dei er heilage; dei skal taka på seg andre klæde, og so kann dei ganga dit der folket lyt vera.
15
Då han hadde gjort mælingi frå seg i det indre huset, førde han meg ut gjenom den porten som hadde framsida mot aust; og der mælte han rundt ikring.
16
Han mælte austsida med mælestongi: ho var fem hundrad stenger etter mælestongi rundt ikring.
17
Han mælte nordsida: ho var fem hundrad stenger etter mælestongi rundt ikring.
18
Sudsida og mælte han: ho var fem hundrad stenger etter mælestongi.
19
So gjekk han ikring til vestsida og mælte fem hundrad stenger etter mælestongi.
20
På alle fire sidor mælte han det; det hadde ein mur rundt, fem hundrad stenger lang og fem hundrad breid, til å skilja det heilage frå det som ikkje var heilagt.
← Chapter 41
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 43 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48