bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Ezekiel 38
Ezekiel 38
Norwegian 1938
← Chapter 37
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 39 →
1
Herrens ord kom til meg, og det lydde so:
2
Menneskeson, vend andletet mot Gog i Magoglandet, fyrsten yver Ros, Mesek og Tubal, og spå imot han
3
og seg: So segjer Herren, Israels Gud: Sjå, eg kjem yver deg, Gog, fyrste yver Ros, Mesek og Tubal!
4
Eg vil snu deg um og setja krokar i kjakane dine og føra deg ut med heile din her, hestar og ridarar, gildt klædde alle i hop, ein heil mannfjølde med store og små skjoldar, med sverd i hand alle saman.
5
Persarar og etiopar og putarar er med dei, alle saman med skjold og hjelm;
6
Gomer med alle sine herskarar, Togarma-lyden lengst nord i heimen med alle sine herskarar, mange folkeslag er med deg.
7
Herbu deg og gjer alt reidugt, du og alle herflokkane dine, som hev samla seg hjå deg, og du skal vera føraren deira.
8
Når lang tid er lidi, kjem turen til deg; når åri renn ut, skal du koma til eit land som er berga undan for sverdet, og der det bur eit folk som er samla frå mange folkeslag, upp på Israelsfjelli, som stødt hadde lege i øyde; men no er det ført ut frå folkeslagi, og dei bur der trygt alle saman.
9
Dit upp skal du fara; som ei stormflaga skal du koma, som ei sky skal du vera til å skyla landet, du og alle herskarane dine og mange folkeslag med deg.
10
So segjer Herren, Israels Gud: På den dagen skal tankar koma upp i hjarta ditt, og du skal tenkja ut meinråder
11
og segja: Eg vil fara upp mot eit land med opne byar, eg vil koma på fredlege folk, som bur trygt, som alle saman bur utan murar og korkje hev bom eller portar.
12
For du vil rana og røva og taka herfang og venda di hand mot eit folk som er sanka frå folkeslagi, og som hev samla seg bufe og gods, der det bur på jord-navlen.
13
Sjeba og Dedan og kjøpmennene frå Tarsis og alle ungløvone deira skal segja til deg: Kjem du og vil rana og røva? Hev du drege i hop dine herskarar til å gjera herfang, til å føra burt sylv og gull, til å taka bufe og gods, til å rana ran i det store?
14
Difor skal du spå, menneskeson, og segja til Gog: So segjer Herren, Israels Gud: Sjå, når den tidi kjem då Israel, folket mitt, bur trygt, då fær du nok vita det.
15
Då skal du koma frå landet ditt lengst nord i heimen, du og mange folkeslag med deg, ridande på hestar alle saman, ein stor skare og ein veldig her;
16
som ei sky skal du fara upp mot mitt folk Israel og skyla landet. I dei siste dagane skal det henda; då let eg deg koma yver landet mitt, so folkeslagi skal læra å kjenna meg, når eg syner min heilagdom på deg, Gog, for augo på dei.
17
So segjer Herren, Israels Gud: Er det deg eg tala um i gamle dagar igjenom tenarane mine, profetane i Israel, dei som spådde i dei dagane, år for år, at eg vilde lata deg koma yver dei?
18
Men den same dagen, den dagen Gog kjem yver Israelslandet, segjer Herren, Israels Gud, då skal harmen min stiga upp i mi åsyn.
19
Og i min brennhug, i min logande vreide segjer eg: Sanneleg den dagen skal det koma ein stor jordskjelv yver Israelslandet.
20
Då skal dei skjelva for mi åsyn både fiskane i havet og fuglane i lufti og dyri på marki og alt kreket som krek på jordi, og kvart eit menneske som på jordi bur; fjelli skal brotna og hamrane rapa ned, og kvar ein mur skal falla til jordi.
21
Eg vil bjoda ut sverd imot han på alle mine fjell, segjer Herren, Israels Gud; ein skal venda sverdet sitt mot hin.
22
Eg vil halda dom yver han med sott og med blod, og støyteregn og haglsteinar, eld og svovel vil eg lata renna yver han og herskarane hans og yver dei mange folkeslagi som er med han.
23
Soleis vil eg syna meg stor og heilag og gjera meg kjend for augo på mange folkeslag, og dei skal sanna at eg er Herren.
← Chapter 37
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 39 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48