bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Ezekiel 4
Ezekiel 4
Norwegian 1938
← Chapter 3
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 5 →
1
Du menneskeson, tak deg ein tiglstein og legg han framfor deg og rita på han ein by, Jerusalem.
2
Laga til umlægringsverk mot byen og bygg skansar mot han og kasta upp ein voll mot han og lat herar lægra seg mot han og set upp murstangarar mot han rundt ikring!
3
Tak deg so ei jarnpanna og set henne til ein jarnvegg millom deg og byen og snu deg med andletet mot han, so han vert kringsett, og du kringset han. Det skal vera eit varsel for Israels-lyden.
4
So skal du leggja deg på vinstre sida og leggja på henne misgjerningi åt Israels-folket! Like mange dagar som du ligg på henne, skal du bera misgjerningi deira;
5
og misgjernings-åri deira vil eg gjera til like mange dagar for deg - tri hundrad og nitti dagar - so lenge skal du bera misgjerningi åt Israels-folket.
6
Og når du hev trøytt den tidi ut, skal du andre gongen leggja deg på høgre sida og bera misgjerningi åt Juda-folket; i fyrti dagar, ein dag for kvart år, let eg deg bera henne.
7
Og du skal snu deg med andletet og med berr arm mot det kringsette Jerusalem og spå imot det.
8
Og sjå, eg bind deg med tog, so du ikkje kann snu deg frå den eine sida til hi, fyrr du hev trøytt dei dagane du held det kringsett.
9
Tak deg so kveite og bygg og baunor og linsor og hirsa og spelt og hav det i eit trog og baka deg brød av det! I so mange dagar som du ligg på den eine sida, i tri hundrad og nitti dagar, skal du eta det.
10
Og maten du et, skal vera etter vekt, tjuge sekel um dagen; frå tid til tid skal du eta det.
11
Vatnet du drikk skal og vera etter mål, setteparten av ein hin; frå tid til tid skal du drikka det.
12
Som ei byggkake skal du eta det, og med mannsskarn skal du steikja det for augo deira.
13
Og Herren sa: Soleis skal Israels-borni eta sitt brød ureint hjå dei folki som eg vil driva dei burt til.
14
Då sa eg: Å, Herre, Herre! Sjå, aldri vart sjeli mi sulka, og noko sjølvdaudt eller ihelrive hev eg aldri ete frå min ungdom alt til no, og det hev ikkje kome ureint kjøt i min munn.
15
So sa han til meg: Godt, eg let deg få taka kumøk i staden for mannsskarn, so du kann steikja brødet ditt yver den.
16
Og han sa til meg: Menneskeson! Sjå, eg bryt sund brød-staven i Jerusalem, og dei skal eta brød etter vekt og med otte og drikka vatn etter mål og med fælske,
17
so dei skal vanta brød og vatn og verta forstøkte både ein og hin, og visna burt i si misgjerning.
← Chapter 3
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 5 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48