bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Psalms 119
Psalms 119
Norwegian N 78 NN
← Chapter 118
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 67
Chapter 68
Chapter 69
Chapter 70
Chapter 71
Chapter 72
Chapter 73
Chapter 74
Chapter 75
Chapter 76
Chapter 77
Chapter 78
Chapter 79
Chapter 80
Chapter 81
Chapter 82
Chapter 83
Chapter 84
Chapter 85
Chapter 86
Chapter 87
Chapter 88
Chapter 89
Chapter 90
Chapter 91
Chapter 92
Chapter 93
Chapter 94
Chapter 95
Chapter 96
Chapter 97
Chapter 98
Chapter 99
Chapter 100
Chapter 101
Chapter 102
Chapter 103
Chapter 104
Chapter 105
Chapter 106
Chapter 107
Chapter 108
Chapter 109
Chapter 110
Chapter 111
Chapter 112
Chapter 113
Chapter 114
Chapter 115
Chapter 116
Chapter 117
Chapter 118
Chapter 119
Chapter 120
Chapter 121
Chapter 122
Chapter 123
Chapter 124
Chapter 125
Chapter 126
Chapter 127
Chapter 128
Chapter 129
Chapter 130
Chapter 131
Chapter 132
Chapter 133
Chapter 134
Chapter 135
Chapter 136
Chapter 137
Chapter 138
Chapter 139
Chapter 140
Chapter 141
Chapter 142
Chapter 143
Chapter 144
Chapter 145
Chapter 146
Chapter 147
Chapter 148
Chapter 149
Chapter 150
Chapter 120 →
1
Sæl er den som er heil ¬i si ferd og fylgjer Herrens lov.
2
Sæle er dei ¬som held hans lovbod og søkjer han ¬av heile sitt hjarta,
3
dei som ikkje gjer urett, men ferdast på hans vegar.
4
Du har gjeve dine føresegner for at dei skal haldast nøye.
5
Ja, gjev mine steg vart faste så eg kunne halda ¬dine føreskrifter!
6
Eg skal aldri verta til skammar når eg gjev akt ¬på alle dine bod.
7
Eg prisar deg av eit ¬ærleg hjarta når eg lærer å kjenna dine rettferdige domar.
8
Dine føreskrifter vil eg halda; du må ikkje reint forlata meg!
9
Korleis skal ein ungdom halda sin stig rein? Når han held seg til dine ord.
10
Eg søkjer deg ¬av heile mitt hjarta, lat meg ikkje villast bort ¬frå dine bod!
11
I hjarta gøymer eg ditt ord, så eg ikkje skal synda mot deg.
12
Lova vere du, Herre! Lær meg dine føreskrifter!
13
Med mine lipper reknar eg opp alle domane frå din munn.
14
Når eg ferdast ¬etter dine lovbod, er eg glad ¬som om eg hadde all rikdom.
15
Eg vil grunda ¬på dine føresegner og tenkja på dine stigar.
16
Dine føreskrifter er mi lyst, eg gløymer ikkje dine ord.
17
Gjer vel mot din tenar, så eg kan leva ¬og halda dine ord.
18
Lat opp mine augo, ¬så eg kan sjå dei underfulle ting i di lov!
19
Eg er ein gjest på jorda, løyn ikkje dine bod for meg!
20
Stendig fortærest mi sjel av lengsle etter dine domar.
21
Du har truga dei frekke ¬og forbanna, som fer vilt og bryt dine bod.
22
Ta spott og vanvørdnad ¬frå meg, for eg held dine lovbod.
23
Om hovdingar sit ¬og samrår seg mot meg, grundar din tenar ¬på dine føreskrifter.
24
Ja, dine lovbod er mi lyst, det er dei som gjev meg råd.
25
Eg ligg hjelpelaus i støvet. Hald meg i live etter ditt ord!
26
Eg fortalde om mine vegar, og du svara meg. Lær meg dine føreskrifter!
27
Lat meg skjøna den veg ¬dine føresegner viser! Eg vil grunda på dine under.
28
Eg græt og syrgjer sårt. Reis meg opp etter dine ord!
29
Hald meg borte ¬frå lygnevegen, og unn meg i nåde di lov!
30
Truskapsvegen har eg valt, dine domar har eg for auga.
31
Eg held fast på dine lovbod. Herre, lat meg ikkje verta ¬til skammar!
32
Eg vil springa den veg ¬dine bod viser, for du friar mitt hjarta ¬frå angst.
33
Herre, lær meg den veg ¬dine føreskrifter viser, så vil eg fylgja han ¬heilt til slutt!
34
Gjev meg vit, så eg fylgjer ¬di lov og held henne ¬av heile mitt hjarta!
35
Lat meg gå på den stig ¬dine bod viser, for han er til hugnad for meg.
36
Bøy mitt hjarta til dine lovbod og ikkje til ussel vinning!
37
Vend mine augo frå svik, hald meg i live på din veg!
38
Stadfest ditt ord for din tenar, så eg kan ha age for deg.
39
Ta bort den vanære ¬som eg er redd, for dine domar er gode!
40
Sjå, eg lengtar ¬etter dine føresegner, hald meg i live ved di rettferd!
41
Herre, lat di miskunn og frelse koma til meg etter ditt ord!
42
Så kan eg svara ¬dei som spottar meg, for eg lit på ditt ord.
43
Ta ikkje sanningsordet ¬frå min munn, for eg ventar på dine domar.
44
Så vil eg alle dagar stendig halda di lov.
45
Lat meg ferdast i ope lende, for eg spør ¬etter dine føresegner!
46
Eg vil tala for kongar ¬om dine lovbod, og eg skal ikkje verta ¬til skammar.
47
Eg har mi glede i dine bod, dei held eg av.
48
Eg lyfter mine hender til dine bod, som eg elskar, og eg grundar ¬på dine føreskrifter.
49
Kom i hug ditt ord ¬til din tenar! Du har då gjeve meg von.
50
Det er mi trøyst i nauda, at ditt ord held meg i live.
51
Dei frekke ¬spottar meg stendig, men eg har ikkje bøygt av ¬frå di lov.
52
Eg kjem i hug dine domar ¬frå gamal tid, og då finn eg trøyst, Herre.
53
Eg har vorte brennande harm på dei vonde som sviktar ¬di lov.
54
Dine føreskrifter ¬har vorte til songar for meg i huset der eg bur ¬som framand.
55
Eg kjem i hug ditt namn ¬om natta, Herre, og held meg til di lov.
56
Så har det vorte for meg at eg fylgjer dine føresegner.
57
Herren er min lut og del; eg har sagt ¬at eg vil halda dine ord.
58
Eg bed deg av heile mitt hjarta: Ver meg nådig etter ditt ord!
59
Eg har grunda på mi ferd og vendt meg til dine lovbod.
60
Eg dryer ikkje, ¬men skundar meg med å halda dine bod.
61
Snarene åt dei gudlause ¬slyngjer seg om meg, men eg har ikkje gløymt di lov.
62
Midt på natta ¬står eg opp og prisar deg for dine rettferdige domar.
63
Eg held meg til alle ¬som ottast deg og fylgjer dine føresegner.
64
Jorda er full av di miskunn, ¬Herre. Lær meg dine føreskrifter!
65
Herre, etter ditt ord har du gjort vel mot din tenar.
66
Gjev meg kunnskap og ¬godt vit, for eg trur på dine bod!
67
Før eg vart audmykt, fór eg vilt, men no held eg meg ¬til ditt ord.
68
God er du, og godt gjer du. Lær meg dine føreskrifter!
69
Dei frekke har sverta meg ¬med lygn, men eg held heilhuga ¬dine føresegner.
70
Deira hjarta er feitt og sløvt, men eg har mi lyst i di lov.
71
Det var godt for meg ¬at eg vart audmykt, så eg kunne læra ¬dine føreskrifter.
72
For meg er lova ¬som du forkynner, betre enn tusen stykke ¬gull og sølv.
73
Dine hender har skapt ¬og forma meg. Gjev meg skjøn, ¬så eg lærer dine bod!
74
Dei som ottast deg, ¬skal sjå meg med glede, for eg ventar på ditt ord.
75
Herre, eg veit ¬at dine domar er rette; i truskap har du audmykt meg.
76
Lat din godleik vera mi trøyst etter ditt ord til din tenar!
77
Lat meg møta di miskunn, ¬så eg kan leva, for di lov er mi lyst.
78
Lat dei frekke verta ¬til skammar, dei som lyg på meg ¬og gjer meg urett. Eg grundar på dine føresegner.
79
Lat dei venda seg til meg, dei som ottast deg ¬og kjenner dine lovbod.
80
Lat meg fylgja dine føreskrifter ¬av heile mitt hjarta, så eg ikkje vert til skammar.
81
Mi sjel brenn av lengsle ¬etter di frelse, og eg ventar på ditt ord.
82
Mine augo lengtar ¬etter ditt ord, og eg spør: ¬«Når vil du trøysta meg?»
83
For eg har vorte ¬som ein turr skinnsekk; men dine føreskrifter ¬gløymer eg ikkje.
84
Kor lenge skal din tenar venta? Når vil du døma ¬dei som forfylgjer meg?
85
Dei frekke som ikkje held ¬di lov, grev fallgraver for meg.
86
Alle dine bod er pålitelege. Hjelp meg mot dei ¬som forfylgjer meg med lygn.
87
Dei har mest gjort ende på meg ¬her i landet, men eg sviktar ikkje ¬dine føresegner.
88
Ver trufast og hald meg i live, så vil eg fylgja ¬dei lovbod du har gjeve.
89
I all æve, Herre, varer ditt ord, det står fast i himmelen.
90
Din truskap varer ¬frå ætt til ætt; du har grunnlagt jorda, ¬og ho står fast.
91
Etter di ordning ¬står ho framleis, for alle ting må tena deg.
92
Dersom ikkje di lov var mi lyst, gjekk eg til grunne i mi naud.
93
Aldri gløymer eg ¬dine føresegner, for ved dei har du halde meg ¬i live.
94
Frels meg, for eg høyrer deg til! Eg spør etter dine føresegner.
95
Dei gudlause ligg på lur og vil gjera ende på meg. Eg aktar på dine lovbod.
96
Eg har sett at alt tek slutt, kor fullkome det enn er, men ditt bod har inga grense.
97
Å, kor eg elskar di lov, heile dagen er ho ¬i mine tankar.
98
Dine bod gjer meg visare ¬enn mine fiendar, for dei har eg alltid hjå meg.
99
Eg har større skjøn ¬enn alle mine lærarar, for eg grundar på dine lovbod.
100
Eg skjønar meir enn dei gamle, for eg fylgjer dine føresegner.
101
Eg held min fot ¬frå kvar vond stig, så eg kan ta vare på ditt ord.
102
Eg har ikkje vike ¬frå dine domar, for du har lært meg opp.
103
Å, dine ord er søte ¬for min gane, betre enn honning ¬for min munn.
104
Av dine føresegner får eg vit, difor hatar eg alle falske stigar.
105
Ditt ord er ei lykt for min fot og eit ljos på min stig.
106
Eg har svore ¬– og det har eg halde – å fylgja dine rettferdige domar.
107
Djupt er eg nedbøygd, Herre; hald meg i live etter ditt ord!
108
Ta vel imot mitt songoffer, ¬Herre, og lær meg dine domar!
109
Eg går støtt med livet ¬i hendene, men eg har aldri gløymt di lov.
110
Dei gudlause set snarer ¬for meg, men eg vildrar meg ikkje bort ¬frå dine føresegner.
111
Dine lovbod er min eigedom ¬for alltid, ja, dei gleder mitt hjarta.
112
Etter dine føreskrifter ¬rettar eg meg, og det vil eg alltid gjera ¬til mi siste stund.
113
Eg hatar vinglande menneske, men di lov elskar eg.
114
Du er mitt skjold og vern; eg ventar på ditt ord.
115
Vik frå meg, de som gjer vondt! Eg vil halda min Guds bod.
116
Hald meg oppe etter ditt ord, så eg kan få leva. Lat ikkje mi von ¬verta til skammar!
117
Stø meg, så eg kan verta frelst og alltid ha dine føreskrifter ¬for auga.
118
Alle som vildrar seg bort ¬frå dine føreskrifter, viser du frå deg, ¬for dei tenkjer på svik.
119
Alle dei vonde i landet tek du bort som slagg; difor elskar eg dine lovbod.
120
Min lekam skjelv ¬av redsle for deg; eg har age for dine domar.
121
Eg har gjort rett og rettferd. Gjev meg ikkje over ¬til valdsmennene!
122
Gå god for din tenar, ¬så det går han vel. Lat ikkje dei frekke få kua meg!
123
Eg ser med lengsle ¬etter di frelse og etter ditt rettferdige ord.
124
Far fram i truskap ¬mot din tenar, og lær meg dine føreskrifter!
125
Eg er din tenar; gjev meg vit, så eg kan skjøna dine lovbod!
126
Det er tid for Herren ¬til å gripa inn; for dei har brote di lov.
127
Eg elskar dine bod meir enn gull, ja, fint gull.
128
Difor rettar eg meg ¬etter alle dine føresegner; eg hatar alle falske stigar.
129
Underfulle er dine lovbod, difor tek eg vare på dei.
130
Dine ord gjev ljos ¬når dei opnar seg, dei gjev den urøynde skjøn.
131
Med lengsle opnar eg munnen, for eg stundar etter dine bod.
132
Vend deg til meg ¬og ver meg nådig! Det er rett mot dei ¬som elskar ditt namn.
133
Gjer mine steg faste ¬ved ditt ord, lat ingen urett få makt ¬over meg!
134
Fri meg frå menneskevald, så vil eg halda dine føresegner!
135
Lat ditt andlet lysa ¬over din tenar, og lær meg dine føreskrifter!
136
Tårene strøymer frå augo mine, fordi folket ikkje held di lov.
137
Rettferdig er du, Herre, og rettvise er dine domar.
138
Du gav dine lovbod i rettferd og i din store truskap.
139
Eg forgår av brennhug, fordi mine fiendar ¬har gløymt dine ord.
140
Skirt og reint er ditt ord, din tenar elskar det.
141
Liten og vanvørd er eg, men dine føresegner ¬gløymer eg ikkje.
142
Di rettferd er ei evig rettferd, og di lov er sanning.
143
Naud og trengsle har råka meg, men dine bod er mi lyst.
144
Dine lovbod er alltid rette. Gjev meg skjøn, så eg kan leva!
145
Av heile mitt hjarta ¬ropar eg, Herre. Svar meg, så vil eg fylgja ¬dine føreskrifter!
146
Eg ropar til deg. Frels meg, så vil eg halda dine lovbod!
147
Før morgonen renn, ¬ropar eg om hjelp; eg ventar på dine ord.
148
Eg ligg vaken i nattevaktene og grundar på ditt ord.
149
Herre, du som er trufast, ¬høyr når eg ropar, hald meg i live ¬etter dine domar!
150
No kjem dei ¬som skamlaust ¬forfylgjer meg, dei som er langt borte frå ¬di lov.
151
Men, Herre, du er nær, alle dine bod er sanning.
152
Av dine lovbod ¬har eg lenge skjøna at du har fastsett dei for evig.
153
Sjå mi naud og fri meg ut! For eg har ikkje gløymt di lov.
154
Før mi sak og løys meg ut, hald meg i live etter ditt ord!
155
Langt frå frelsa er dei ¬gudlause, for dei spør ikkje ¬etter dine føreskrifter.
156
Stor er di miskunn, Herre, fell din dom og lat meg leva!
157
Mange forfylgjer meg ¬og står meg imot; men eg vik ikkje ¬frå dine lovbod.
158
Eg ser med uvilje ¬på dei trulause, som ikkje gjev akt på ditt ord.
159
Sjå, eg elskar dine føresegner! Herre, du som er trufast, ¬hald meg i live!
160
Summen av dine ord er sanning, evig er all din rettferdige dom.
161
Om stormenn forfylgjer meg ¬utan grunn, så har eg age for ditt ord ¬i mitt hjarta.
162
Eg gleder meg over ditt ord, lik ein som fører bort ¬stort hærfang.
163
Eg hatar og avskyr lygn, og eg elskar di lov.
164
Sju gonger om dagen ¬prisar eg deg for dine rettferdige domar.
165
Dei som elskar di lov, ¬har fred og lukke, ingen ting får dei til å snåva.
166
Eg set mi von ¬til di frelse, Herre; og dine bod har eg halde.
167
I min hug ¬tek eg vare på dine lovbod, ja, eg elskar dei høgt.
168
Dine bod og føresegner ¬har eg halde, du kjenner alle mine vegar.
169
Lat mitt klagerop ¬koma fram for deg, Herre, gjev meg skjøn etter ditt ord!
170
Lat mi inderlege bøn ¬koma fram for deg, berga meg etter ditt ord!
171
Frå mine lipper ¬skal lovsongen strøyma, for du lærer meg ¬dine føreskrifter.
172
Eg skal syngja om dine ord, for alle dine bod er rettferdige.
173
Kom meg til hjelp ¬med di hand! For eg har valt dine føresegner.
174
Eg lengtar etter di frelse, Herre, di lov er mi lyst.
175
Lat meg leva, ¬så skal eg prisa deg, lat meg få hjelp av dine domar!
176
Eg har gått meg vill ¬som ein bortkomen sau. Leita etter meg, din tenar, for eg har ikkje ¬gløymt dine bod.
← Chapter 118
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 53
Chapter 54
Chapter 55
Chapter 56
Chapter 57
Chapter 58
Chapter 59
Chapter 60
Chapter 61
Chapter 62
Chapter 63
Chapter 64
Chapter 65
Chapter 66
Chapter 67
Chapter 68
Chapter 69
Chapter 70
Chapter 71
Chapter 72
Chapter 73
Chapter 74
Chapter 75
Chapter 76
Chapter 77
Chapter 78
Chapter 79
Chapter 80
Chapter 81
Chapter 82
Chapter 83
Chapter 84
Chapter 85
Chapter 86
Chapter 87
Chapter 88
Chapter 89
Chapter 90
Chapter 91
Chapter 92
Chapter 93
Chapter 94
Chapter 95
Chapter 96
Chapter 97
Chapter 98
Chapter 99
Chapter 100
Chapter 101
Chapter 102
Chapter 103
Chapter 104
Chapter 105
Chapter 106
Chapter 107
Chapter 108
Chapter 109
Chapter 110
Chapter 111
Chapter 112
Chapter 113
Chapter 114
Chapter 115
Chapter 116
Chapter 117
Chapter 118
Chapter 119
Chapter 120
Chapter 121
Chapter 122
Chapter 123
Chapter 124
Chapter 125
Chapter 126
Chapter 127
Chapter 128
Chapter 129
Chapter 130
Chapter 131
Chapter 132
Chapter 133
Chapter 134
Chapter 135
Chapter 136
Chapter 137
Chapter 138
Chapter 139
Chapter 140
Chapter 141
Chapter 142
Chapter 143
Chapter 144
Chapter 145
Chapter 146
Chapter 147
Chapter 148
Chapter 149
Chapter 150
Chapter 120 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52
53
54
55
56
57
58
59
60
61
62
63
64
65
66
67
68
69
70
71
72
73
74
75
76
77
78
79
80
81
82
83
84
85
86
87
88
89
90
91
92
93
94
95
96
97
98
99
100
101
102
103
104
105
106
107
108
109
110
111
112
113
114
115
116
117
118
119
120
121
122
123
124
125
126
127
128
129
130
131
132
133
134
135
136
137
138
139
140
141
142
143
144
145
146
147
148
149
150