bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
2 Chronicles 13
2 Chronicles 13
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 12
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 14 →
1
I det attande styringsåret til Jeroboam vart Abia konge i Juda.
2
Han regjerte i Jerusalem i tre år. Mor hans heitte Mikaja og var dotter til Uriel frå Gibea. Mellom Abia og Jeroboam var det krig.
3
Abia byrja krigen med ein hær av djerve krigarar, fire hundre tusen utvalde menn. Men Jeroboam stilte opp ein hær mot han på åtte hundre tusen utvalde menn, djerve krigarar dei òg.
4
Abia steig fram på Semarajim-fjellet i Efraims fjelland og sa: Høyr på meg, Jeroboam og heile Israel!
5
De veit då at HERREN, Israels Gud, gav kongsmakta over Israel til David og etterkomarane hans til evig tid gjennom ei saltpakt.
6
Men Jeroboam, son til Nebat, som stod i teneste hos Salomo, Davids son, reiste seg mot herren sin og gjorde opprør.
7
Simple og vondsinna menn samla seg om han. Dei sette seg opp mot Rehabeam, son til Salomo. Og Rehabeam var ung og veik og kunne ikkje stå imot dei.
8
Og no tenkjer de at de kan stå imot HERRENS kongsmakt, som er i hendene på etterkomarane til David, fordi de er så mange og har med dykk dei gullkalvane som Jeroboam fekk laga til gudar for dykk.
9
Men de har drive bort HERRENS prestar, Aron-sønene, og levittane, og de har sett inn eigne prestar, slik som folka i landa omkring. Kvar den som kjem med ein ung okse og sju vêrar og vil få prestevigsle, han blir prest for desse ikkje-gudane.
10
Men vår Gud er HERREN, og vi har ikkje forlate han. Dei prestane som tener HERREN, er etterkomarar av Aron, og levittane gjer si teneste.
11
Kvar morgon og kvar kveld ber dei fram brennoffer for HERREN og velluktande røykjelse, og dei legg fram brød på det reine bordet. Og kvar kveld kveikjer dei lampene på gull-lysestaken. For vi held pliktene våre mot HERREN vår Gud; men de har forlate han.
12
Sjå, Gud er med oss, han går i spissen, og prestane hans blæs i trompetane og gjev krigssignalet mot dykk. Israelittar, strid ikkje mot HERREN, dykkar fedrars Gud! For de kjem ikkje til å lukkast.
13
Imedan hadde Jeroboam late ein styrke gå rundt for å falla judearane i ryggen. Slik fekk judearane hæren framfor seg og bakhaldsstyrken i ryggen.
14
Då judearane snudde seg og fekk sjå at dei var utsette for åtak både framanfrå og bakanfrå, ropa dei til HERREN, medan prestane bles i trompetane.
15
Så sette judearane i krigsropet. Då judearane ropa, lét Gud Jeroboam og heile Israel lida nederlag for Abia og judearane.
16
Israelittane rømde for judearane, og Gud gav dei over i deira hender.
17
Abia og hærfolket hans gav dei eit stort nederlag. Av Israels utvalde menn var det fem hundre tusen falne.
18
Slik vart israelittane audmjuka den gongen. Judearane var dei sterkaste, for dei sette si lit til HERREN, sine fedrars Gud.
19
Abia forfølgde Jeroboam og tok nokre av byane hans: Betel med landsbyane som høyrde til, Jesjana med landsbyar og Efron med landsbyar.
20
Jeroboam kom ikkje til makta att så lenge Abia levde. Og HERREN slo han så han døydde.
21
Men Abia styrkte makta si. Han tok seg fjorten koner og fekk tjueto søner og seksten døtrer.
22
Det som elles er å seia om Abia og alt han sa og gjorde, står skrive i kommentarane til profeten Iddo.
← Chapter 12
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 14 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36