bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
2 Chronicles 4
2 Chronicles 4
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 3
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 5 →
1
Salomo laga eit bronsealtar. Det var tjue alner langt, tjue alner breitt og ti alner høgt.
2
Så laga han havet av støypt metall. Det var sirkelforma og målte ti alner frå kant til kant. Høgda var fem alner, og omkrinsen var tretti alner målt med målesnor.
3
Nedanfor kanten var det bilete av oksar heile vegen rundt. Dei omkransa heile havet, ti på kvar alen. Det var to rader med oksar, støypte i eitt med havet.
4
Havet stod på tolv oksar. Tre snudde mot nord, tre mot vest, tre mot sør og tre mot aust, og dei stod alle med bakkroppen innover. Havet kvilte på dei.
5
Det var ei handsbreidd tjukt, og kanten var laga som kanten på eit beger, forma som ei lilje. Det tok tre tusen bat.
6
Så laga han ti fat og sette fem på høgre og fem på venstre sida. Dei skulle nyttast til vasking. Det som høyrde brennoffera til, vart skylt i dei. Men prestane skulle vaska seg i havet.
7
Han laga òg ti lysestakar av gull etter forskriftene for dei og sette dei i tempelet, fem på høgre og fem på venstre sida.
8
Han laga ti bord som han stilte opp i tempelet, fem på høgre og fem på venstre sida. Han laga òg hundre offerskåler av gull.
9
Så bygde han føregarden for prestar og den store føregarden med dører til. Dørene kledde han med bronse.
10
Havet sette han på høgre sida, mot søraust.
11
Hiram laga grytene, eldskuffene og offerskålene. Med dette hadde Hiram fullført det handverksarbeidet han skulle gjera for kong Salomo i Guds hus:
12
to søyler; to skåler på søylehovuda øvst på søylene; to slyngornament til å dekkja dei to skålene;
13
dei fire hundre granatepla til dei to slyngornamenta — to rader med granateple til kvart ornament, til å dekkja dei to skålene på søylehovuda øvst på søylene.
14
Han laga vognstativa og fata til kvart av dei,
15
havet — det var berre eitt — og dei tolv oksane under det,
16
grytene, eldskuffene og gaflane. Alt dette utstyret som meisteren Hiram laga for kong Salomo til HERRENS hus, var av polert bronse.
17
Det var på Jordan-sletta kongen fekk dei støypte, i den tjukke leirjorda mellom Sukkot og Sereda.
18
Salomo laga alt dette utstyret i slike mengder at det ikkje lét seg seia kor mykje bronsen vog.
19
Salomo fekk òg laga alt det andre som skulle vera i Guds hus: gullaltaret og borda som skodebrøda skulle liggja på,
20
lysestakane med lamper som skulle kveikjast etter forskriftene — dei stod framfor Det høgheilage og var av reint gull —
21
blomeornamenta, lampene og tengene av gull, ja, av det finaste gull,
22
lysesaksene, offerskålene, kannene og glopannene av reint gull. Inngangsdørene til tempelet, både dei indre dørene til Det høgheilage og dørene inn til sjølve tempelet, var av gull.
← Chapter 3
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 5 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36