bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
2 Chronicles 14
2 Chronicles 14
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 13
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 15 →
1
Så gjekk Abia til kvile hos fedrane sine. Dei gravla han i Davidsbyen, og son hans, Asa, vart konge etter han. I hans dagar hadde landet ro i ti år.
2
Asa gjorde det som godt og rett var i auga til HERREN hans Gud.
3
Han fjerna altara for framande gudar og offerhaugane, slo sund steinstøttene og hogg ned Asjera-pålane.
4
Han sa til judearane at dei skulle søkja HERREN, sine fedrars Gud, og halda lova og boda.
5
Frå alle byane i Juda fjerna han offerhaugane og røykjelsesaltara. Og kongeriket hadde ro under han.
6
Asa bygde festningsbyar i Juda, for landet hadde ro. Ingen gjekk til krig mot han i desse åra, for HERREN gav han fred.
7
Asa sa til judearane: «Lat oss byggja ut desse byane og reisa murar rundt dei, med tårn og portar og bommar, medan landet enno ligg fritt framfor oss. For vi har søkt HERREN vår Gud. Vi søkte han, og han gav oss fred på alle kantar.» Så tok dei til å byggja, og alt gjekk godt.
8
Asa hadde ein hær på tre hundre tusen mann frå Juda, væpna med store skjold og spyd, og to hundre og åtti tusen mann frå Benjamin, som bar små skjold og skaut med boge. Alle var dei djerve krigarar.
9
Ein gong drog kusjitten Serah ut mot judearane med ein hær på tusen gonger tusen mann og tre hundre stridsvogner. Då han var komen så langt som til Maresja,
10
drog Asa ut mot han. Dei stilte seg opp til kamp i Sefata-dalen nær Maresja.
11
Då ropa Asa til HERREN sin Gud og sa: «HERRE, berre du kan hjelpa i kampen mellom den som er sterk og den som er svak. Hjelp oss, HERRE, vår Gud! For vi set vår lit til deg, og i ditt namn har vi gått mot denne veldige styrken. HERRE, du er vår Gud. Ikkje noko menneske kan stå seg mot deg!»
12
Då lét HERREN kusjittane lida nederlag for Asa og judearane, og kusjittane rømde.
13
Asa og folket som var med han, forfølgde dei heilt til Gerar, og kusjittane fall til siste mann. Dei vart knuste av HERREN og hans hær, og judearane tok eit overlag stort bytte.
14
Dei tok alle byane kring Gerar, for ei redsle for HERREN var komen over folket der. Dei plyndra alle desse byane, for der var det mykje å plyndra.
15
Dei gjekk òg til åtak på gjetartelta og førte bort ei mengd med sauer og kamelar. Så drog dei tilbake til Jerusalem.
← Chapter 13
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 15 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36