bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
2 Chronicles 21
2 Chronicles 21
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 20
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 22 →
1
Så gjekk Josjafat til kvile hos fedrane sine. Han vart gravlagd i fedregrava i byen til David, stamfar sin, og Joram, son hans, vart konge etter han.
2
Joram hadde fleire brør, søner av Josjafat. Dei heitte Asarja, Jehiel, Sakarja, Asarjahu, Mikael og Sjefatja. Alle desse var sønene til Josjafat, kongen i Israel.
3
Far deira gav dei mange gåver: sølv og gull og kostbare ting, i tillegg til festningsbyar i Juda. Men kongedømet gav han til Joram, for han var den førstefødde.
4
Då Joram hadde teke over kongedømet etter far sin og hadde sikra seg makta, drap han alle brørne sine med sverd og like eins nokre av leiarane i Israel.
5
Joram var trettito år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i åtte år.
6
I si ferd var han som dei andre kongane i Israel. Han levde slik som Ahabs hus hadde gjort, for han var gift med ei dotter til Ahab. Og han gjorde det som vondt var i HERRENS auge.
7
Men på grunn av pakta han hadde gjort med David, ville HERREN ikkje øydeleggja Davids hus; for han hadde lova at ei lampe alltid skulle lysa for han og etterkomarane hans.
8
I Jorams tid gjorde Edom opprør mot Juda og tok seg ein konge.
9
Då rykte Joram ut dit med hærførarane sine og alle stridsvognene. Han braut opp om natta og slo edomittane, som hadde omringa han og kommandantane for stridsvognene.
10
Etter opprøret har Edom vore skilt frå Juda til denne dag. På same tid gjorde Libna opprør mot Joram fordi han hadde forlate HERREN, sine fedrars Gud.
11
Han bygde òg offerhaugar i Juda-fjella, han fekk dei som budde i Jerusalem, til å driva hor, og han førte judearane på avvegar.
12
Då kom det eit brev til Joram frå profeten Elia, og der stod det: Så seier HERREN, Gud til David, far din: Du følgjer ikkje vegane til Josjafat, far din, og Asa, Juda-kongen.
13
Men du går på dei same vegane som Israels-kongane, og slik får du judearane og dei som bur i Jerusalem, til å driva hor, slik Ahabs hus gjorde det. Du har jamvel drepe brørne dine, sønene til din eigen far, endå dei var betre enn du.
14
Difor vil HERREN slå både folket ditt, sønene dine og konene dine og alt det du eig, med ei stor plage.
15
Og sjølv skal du bli ramma av store lidingar, ein sjukdom i innvolane som gjer at dei til sist fell ut.
16
Så eggja HERREN opp filistrane mot Joram, saman med dei arabarane som budde bortmed kusjittane.
17
Dei drog opp mot Juda, trengde inn i landet og førte bort alt dei fann i kongeborga, og sønene hans og konene hans. Han hadde ingen søner att bortsett frå Joahas, som var yngst.
18
Etter alt dette ramma HERREN han med ulækjande sjukdom i tarmane.
19
Til sist, då to år var lidne, førte sjukdomen til at tarmane hans fall ut, og han døydde under store smerter. Folket kveikte ikkje noko bål til ære for han, som dei hadde gjort for fedrane hans.
20
Joram var trettito år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i åtte år. Så gjekk han bort, og ingen sakna han. Dei gravla han i Davidsbyen, men ikkje i kongegravene.
← Chapter 20
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 22 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36