bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
2 Chronicles 17
2 Chronicles 17
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 16
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 18 →
1
Etter Asa vart Josjafat, son hans, konge. Han styrkte stillinga mot Israel.
2
Han la troppar i alle festningsbyane i Juda, og han sette vaktpostar rundt om i Juda og i dei byane som Asa, far hans, hadde teke i Efraim.
3
HERREN var med Josjafat, for han følgde dei vegane som David, stamfar hans, før hadde følgt. Han søkte ikkje Baal-gudane,
4
men Gud til far sin. Han heldt boda hans og levde ikkje slik som dei gjorde i Israel.
5
Difor tryggja HERREN kongsmakta i hans hand, og heile Juda kom med gåver til Josjafat, så han fekk stor rikdom og ære.
6
Med frimodig hjarte følgde han HERRENS vegar, og han fjerna òg offerhaugane og Asjera-pålane frå Juda.
7
I det tredje styringsåret sitt sende Josjafat nokre av stormennene sine ut for å undervisa folket i Juda-byane. Det var Ben-Hajil, Obadja, Sakarja, Netanel og Mikaja.
8
Saman med dei sende han levittane Sjemaja, Netanja, Sebadja, Asael, Sjemiramot, Jonatan, Adonja, Tobia og Tob-Adonja, levittar alle saman, dessutan prestane Elisjama og Joram.
9
Når dei underviste i Juda, hadde dei HERRENS lovbok med seg. Dei drog omkring i alle Juda-byane og underviste folket.
10
Ei redsle for HERREN var komen over alle land og rike som låg kring Juda, så dei ikkje gjekk til krig mot Josjafat.
11
Nokre av filistrane kom til Josjafat med gåver og med sølv som avgift. Arabarane òg kom til han med småfe, sju tusen sju hundre vêrar og sju tusen sju hundre bukkar.
12
Slik fekk Josjafat større og større makt, og han bygde borger og forrådsbyar i Juda.
13
Han hadde store arbeid i gang i Juda-byane og stridsmenn, djerve krigarar, i Jerusalem.
14
Slik var dei mønstra, slekt for slekt: Førarane for tusen i Juda var: Adna, som var førar for 300 000 djerve krigarar;
15
jamsides han Johanan, som var førar for 280 000;
16
og jamsides han Amasja, son til Sikri, som frivillig hadde gått i HERRENS teneste, og saman med han 200 000 djerve krigarar.
17
Frå Benjamin var det Eljada, ein djerv krigar, og saman med han 200 000 mann som var væpna med boge og skjold,
18
og jamsides han Josabad med 180 000 våpenføre menn.
19
Dette var dei som stod i teneste hos kongen, forutan dei som kongen hadde lagt i festningsbyane i heile Juda.
← Chapter 16
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 18 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36