bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
2 Chronicles 19
2 Chronicles 19
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 18
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 20 →
1
Josjafat, Juda-kongen, vende uskadd heim att til Jerusalem.
2
Då steig sjåaren Jehu, son til Hanani, fram for kong Josjafat og sa: «Korleis kan du hjelpa den urettferdige og elska dei som hatar HERREN? Det er difor HERRENS vreide har kome over deg.
3
Men noko godt finst det hos deg. Du har fjerna Asjera-pålane frå landet og lagt heile ditt hjarte i å søkja Gud.»
4
Josjafat budde no i Jerusalem. Derifrå drog han ut mellom folket frå Beer-Sjeba til Efraims fjelland. Han fekk dei til å venda attende til HERREN, deira fedrars Gud.
5
Han innsette dommarar i landet, i alle festningsbyane i Juda, by for by.
6
Og han sa til dommarane: «Akta vel på kva de gjer! Det er ikkje for menneske de dømmer, men for HERREN. Han er med dykk når de feller dom.
7
Lat no frykt for HERREN vera over dykk! Pass på kva de gjer, for hos HERREN vår Gud finst det ingen urett. Han gjer ikkje skil på folk og lèt seg ikkje kjøpa.»
8
I Jerusalem òg sette Josjafat nokre av levittane og prestane og nokre av leiarane for familiane i Israel til å dømma på HERRENS vegner og til å avgjera saker mellom innbyggjarane i Jerusalem.
9
Han gav dei dette påbodet: «Slik skal de gjera med frykt for HERREN, i truskap og med heilt hjarte:
10
Kvar gong landsmennene dykkar, kva by dei så bur i, legg fram ei sak for dykk — anten det gjeld ei drapssak eller spørsmål om lov og bod, forskrifter og rettsreglar — då skal de åtvara dei så dei ikkje fører skuld over seg for HERREN og hans vreide råkar både dykk og landsmennene dykkar. Slik må de gjera, elles fører de skuld over dykk.
11
Sjå, i alle saker som høyrer inn under HERREN, skal øvstepresten Amarja vera leiar for dykk, og Sebadja, son til Ismael, fyrste for Judas hus, i alle saker som høyrer inn under kongen. Og levittane skal vera tilsynsmennene dykkar. Ver sterke og gå til verket! Må HERREN vera med den som gjer det gode!»
← Chapter 18
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 20 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36