bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Numbers 12
Numbers 12
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 11
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 13 →
1
Ein gong tok Mirjam og Aron til orde mot Moses på grunn av den kusjittiske kona hans; for han hadde teke seg ei kone frå Kusj.
2
Dei sa: «Er det berre Moses HERREN har tala med? Har han ikkje tala med oss òg?» Dette høyrde HERREN.
3
Men Moses var ein svært audmjuk mann, meir audmjuk enn noko anna menneske på jorda.
4
Brått sa HERREN til Moses og til Aron og Mirjam: «Gå ut til teltheilagdomen, alle tre!» Alle tre gjekk ut.
5
Då steig HERREN ned i ei skysøyle og stilte seg i opninga til teltet. Han kalla på Aron og Mirjam, og begge kom fram.
6
Så sa HERREN: Høyr mine ord! Er det ein profet hos dykk? I syn gjev eg meg til kjenne for han, i draumar talar eg til han.
7
Slik er det ikkje med Moses, tenaren min. I heile mitt hus er han den mest trudde.
8
Andlet til andlet talar eg med han, i klåre syn, ikkje i gåter, HERRENS skapnad ser han. Kvifor var de ikkje redde for å ta til orde mot Moses, tenaren min?
9
HERRENS vreide flamma opp mot dei, og han gjekk bort.
10
Då skya drog seg bort frå teltet, sjå, då hadde Mirjam fått ein hudsjukdom, og huda hennar var som snø. Med det same Aron snudde seg mot Mirjam, såg han at ho var sjuk.
11
Han sa til Moses: «Herre, straff oss ikkje for ei synd vi har gjort i vår dårskap.
12
Lat ikkje Mirjam vera lik eit dødt foster som er halvt borttært når det kjem ut or mors liv!»
13
Då ropa Moses til HERREN: «Gud, gjer henne frisk!»
14
Men HERREN svara Moses: «Om far hennar hadde spytta henne i andletet, måtte ho ikkje då sitja med skam i sju dagar? Ho skal stengjast ute frå leiren i sju dagar. Sidan kan ho koma inn att.»
15
Så stengde dei Mirjam ute frå leiren i sju dagar, og folket braut ikkje opp før ho var komen inn att.
16
Men då drog dei vidare frå Haserot og slo leir i Paran-ørkenen.
← Chapter 11
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 13 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36