bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Numbers 36
Numbers 36
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 35
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
1
Leiarane for familiane i slekta til Gilead kom fram. Gilead var son til Makir, Manasses son, og høyrde til Josef-slektene. Dei tok til orde framfor Moses og leiarane, overhovuda for familiane blant israelittane,
2
og sa: HERREN påla deg, herre, å fordela landet mellom israelittane ved loddkasting. Og du, herre, er òg pålagd av HERREN at du skal la døtrene til Selofhad, bror vår, få eigedomen etter far sin.
3
Men blir dei gifte med menn frå dei andre stammane i Israel, blir arven deira teken frå eigedomen som fedrane våre eigde, og lagd til den stammen dei no skal tilhøyra. Han blir teken bort frå den eigedomen vi fekk ved loddkasting.
4
Når frigjevingsåret kjem hos israelittane, blir arven til døtrene lagd til eigedomen i den stammen dei høyrer til. Han blir teken frå den eigedomen som stammen til fedrane våre fekk.
5
Då påla Moses israelittane dette, på HERRENS ord: «Det er rett det som Josef-stammen seier.
6
Dette er det påbodet HERREN gjev døtrene til Selofhad: Dei kan gifta seg med den dei sjølve synest om, berre dei gifter seg inn i ei slekt som kjem frå stammen til deira eigne fedrar.
7
Ingen eigedom hos israelittane skal gå over frå ein stamme til ein annan. Kvar israelitt skal halda fast på arven frå stammen til fedrane sine.
8
Ei dotter som arvar jord i ein av Israel-stammane, må gifta seg inn i ei slekt som kjem frå stammen til hennar eigen far. Slik skal alle israelittar arva jord etter fedrane sine.
9
Såleis skal ingen eigedom gå over frå ein stamme til ein annan. For kvar stamme i Israel skal halda fast på sin arv.»
10
Døtrene til Selofhad gjorde som HERREN hadde pålagt Moses.
11
Mahla, Tirsa, Hogla, Milka og Noa, alle døtrene til Selofhad, gifte seg med syskenborna sine.
12
Dei fekk menn frå slektene etter Manasse, son til Josef. Slik kom eigedomen deira til å følgja den stammen og den slekta fedrane deira høyrde til.
13
Dette er dei bod og forskrifter som HERREN påla israelittane gjennom Moses på slettene i Moab, ved Jordan, midt for Jeriko.
← Chapter 35
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36