bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Numbers 24
Numbers 24
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 23
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 25 →
1
Bileam såg at det var godt i HERRENS auge at Israel vart velsigna. Difor gjekk han ikkje bort og søkte varsel denne gongen, slik han hadde gjort dei andre gongene. I staden vende han andletet mot ørkenen.
2
Bileam lyfte auga og såg Israel som låg i leir, stamme for stamme. Då kom Guds ande over han,
3
og han bar fram sin visdomstale: Ord frå Bileam, son til Beor, ord frå mannen med det klåre auget,
4
ord frå ein som høyrer Guds tale og ser syn frå Den veldige, som sig saman, men med opna auge:
5
Kor vakre dine telt er, Jakob, dine bustader, Israel,
6
som vide dalar, som hagar langs ei elv, lik aloetre planta av HERREN, lik sedrar langsmed vatnet.
7
Dogga dryp frå greinene, frøet får rikeleg med væte. Større enn Agag skal kongen deira vera, hans kongevelde skal lyftast høgt.
8
Gud, som førte han ut av Egypt, har styrke som ein villokse. Han sluker fiendefolk, knuser knoklane deira og sårar med pilene sine.
9
Han har lagt seg til ro, han kviler som løva, som løvinna — kven vekkjer dei? Velsigna er den som velsignar deg, forbanna den som forbannar deg.
10
Då flamma Balaks vreide opp mot Bileam. Han slo hendene saman og sa til han: «Eg kalla deg hit for at du skulle forbanna fiendane mine, og sjå, no har du velsigna dei rikt tre gonger!
11
Kom deg no heim att! Eg sa eg skulle visa deg stor ære. Men sjå, den æra har HERREN nekta deg.»
12
Bileam svara Balak: «Eg sa då alt til dei mennene du sende:
13
Om Balak gav meg alt sølv og gull han har i huset, kunne eg ikkje gå imot det HERREN seier og gjera noko etter mitt eige hjarte, anten godt eller vondt. Det HERREN har sagt, må eg seia.
14
Sjå, no dreg eg heim att til mitt eige folk. Men først vil eg varsla deg kva dette folket kjem til å gjera mot folket ditt i dagar som kjem.»
15
Så bar han fram sin visdomstale: Ord frå Bileam, son til Beor, ord frå mannen med det klåre auget,
16
ord frå han som høyrer Guds utsegn, som får kjenna kunnskapen frå Den høgste og sjå syn frå Den veldige, som sig saman, men med opna auge:
17
Eg ser han, men ikkje no, eg skodar han, men ikkje nær. Ei stjerne stig opp or Jakob, ein kongsstav lyfter seg frå Israel. Han skal knusa Moabs tinningar og skallen på alle søner av Set.
18
Edom skal bli hærteke, Se'ir blir teke i eige av fienden. Israel skal visa si makt.
19
Ein herskar dreg ut frå Jakob, han ryddar ut dei overlevande frå byen.
20
Så fekk Bileam sjå amalekittane. Då bar han fram sin visdomstale: Det fremste av folkeslag er Amalek, men til sist skal han gå under.
21
Då han såg kenittane, bar fram sin visdomstale: Varig er bustaden din, ditt reir er lagt på berget.
22
Likevel skal Kain tærast opp av eld. Kor lenge er det før Assur fører deg i fangenskap?
23
Han bar fram sin visdomstale: Ve! Kven slepp frå det med livet om ikkje Gud har vilja det så?
24
Frå Kittim kjem det skip. Dei legg under seg Assur, dei legg under seg Eber, men han òg skal gå under.
25
Så stod Bileam opp og drog tilbake til heimstaden sin. Balak òg drog sin veg.
← Chapter 23
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 25 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36