bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Numbers 19
Numbers 19
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 18
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 20 →
1
HERREN sa til Moses og Aron:
2
Dette er eit lovbod som HERREN har gjeve: Sei til israelittane at dei skal koma til deg med ei raud kvige som er utan feil, ei som ikkje har hatt åk på seg.
3
Den skal de gje til presten Elasar. Så skal ho førast utanfor leiren og slaktast medan han ser på.
4
Presten Elasar skal ta noko av blodet hennar på fingeren og skvetta det sju gonger mot framsida av teltheilagdomen.
5
Så skal kviga brennast medan han ser på. Både huda, kjøtet, blodet og mageinnhaldet skal brennast.
6
Presten skal ta sedertre, isop og karmosinraud ull og kasta det på elden der kviga blir brend.
7
Sidan skal han vaska kleda sine og bada kroppen i vatn, og så kan han koma inn i leiren. Men han skal vera urein heilt til kvelds.
8
Den mannen som har brent kviga, skal òg vaska kleda sine i vatn og bada kroppen i vatn, og han skal vera urein heilt til kvelds.
9
Ein mann som er rein, skal samla opp oska av kviga og leggja henne på ein rein stad utanfor leiren. Der skal ho gøymast for forsamlinga av israelittar og brukast i reinsingsvatn. Det er eit syndoffer.
10
Den som samlar opp oska av kviga, skal vaska kleda sine og vera urein heilt til kvelds. Dette skal vera ei evig forskrift for israelittane og for innflyttaren som bur mellom dei.
11
Den som rører ved liket av eit menneske, skal vera urein i sju dagar.
12
Han skal reinsa seg på den tredje og den sjuande dagen, så han blir rein. Reinsar han seg ikkje den tredje og den sjuande dagen, blir han ikkje rein.
13
Kvar den som rører ved eit lik, eit dødt menneske, og ikkje reinsar seg for synd, gjer HERRENS bustad urein og skal ryddast ut av Israel. Sidan det ikkje er stenka reinsingsvatn på han, er han urein. Ureinskapen heng framleis ved han.
14
Dette seier lova: Når eit menneske døyr i eit telt, skal alle som kjem inn i teltet, og alle som er i det, vera ureine i sju dagar.
15
Og kvart ope kar som det ikkje er lagt lok på, er ureint.
16
Kvar den som er ute på marka og rører ved ein som er fallen for sverd eller ein som har døydd på annan måte, eller rører ved eit menneskebein eller ei grav, skal vera urein i sju dagar.
17
Når dei vil reinsa den ureine, skal dei ta noko av oska etter syndofferet som er brent, ha henne opp i eit kar og slå friskt vatn over.
18
Ein mann som er rein, skal ta isop og dyppa i vatnet. Så skal han skvetta det på teltet, på alle tinga og menneska som var der, og på han som rørte ved eit bein eller ved ein som var drepen eller var død på annan måte, eller rørte ved ei grav.
19
Den som er rein, skal skvetta det på den ureine den tredje og den sjuande dagen. Når den ureine blir rein på den sjuande dagen, skal han vaska kleda sine og bada i vatn. Om kvelden er han rein.
20
Den som har vorte urein og ikkje reinsar seg, skal støytast ut frå forsamlinga. For han har gjort HERRENS heilagdom urein. Sidan det ikkje er stenka reinsingsvatn på han, er han urein.
21
Dette skal vera ei evig forskrift for dei. Den som skvette reinsingsvatnet, skal vaska kleda sine. Om nokon rører ved reinsingsvatnet, skal han vera urein heilt til kvelds.
22
Alt det den ureine rører ved, blir ureint. Og den som rører ved det ureine, skal vera urein heilt til kvelds.
← Chapter 18
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 20 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36