bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Numbers 21
Numbers 21
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 20
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 22 →
1
Kanaanearkongen som budde i Arad i Negev, fekk høyra at Israel gjekk fram på vegen til Atarim. Han gjekk til åtak på Israel og tok nokre av dei til fange.
2
Då gav Israel denne lovnaden til HERREN: «Gjev du dette folket i våre hender, skal vi slå byane deira med bann og utsletta dei.»
3
HERREN høyrde Israels bøn og gav kanaanearane i deira hender. Og dei slo både kanaanearane og byane deira med bann og utsletta dei. Difor fekk staden namnet Horma.
4
Så braut dei opp frå Hor-fjellet og tok vegen mot Sivsjøen. For dei ville gå utanom Edom-landet. Men på vegen vart folket utolmodig
5
og tok til orde mot Gud og mot Moses: «Kvifor førte de oss ut frå Egypt for å døy i ørkenen? Her finst det korkje brød eller vatn, og vi er inderleg leie av denne elendige maten.»
6
Då sende HERREN serafslangar inn mellom folket. Dei beit israelittane, og mange av dei døydde.
7
Folket kom til Moses og sa: «Vi synda då vi tok til orde mot HERREN og mot deg. Bed HERREN at han må ta slangane bort frå oss!» Og Moses bad for folket.
8
Då sa HERREN til han: «Lag deg ein serafslange og set han på ei stong! Alle som blir bitne, skal sjå opp på han. Då skal dei leva.»
9
Moses laga ein koparslange og sette han på stonga. Og når nokon vart biten av ein slange og såg på koparslangen, fekk han leva.
10
Israelittane braut opp, og dei slo leir ved Obot.
11
Sidan braut dei opp frå Obot og slo leir ved Ijje-Abarim i ørkenen austafor Moab.
12
Derifrå drog dei vidare og slo leir i Sered-dalen.
13
Derifrå braut dei opp og slo leir på den andre sida av Arnon, i den ørkenen som strekkjer seg utover frå amorittlandet. Arnon er grensa for Moab, mellom Moab og amorittane.
14
Difor heiter det i «Boka om HERRENS krigar»: Vaheb i Sufa og dalane, Arnon
15
og dalsida som strekkjer seg ned mot Ar og når til Moabs grense.
16
Så drog dei til Beer. Det er den brønnen der HERREN sa til Moses: «Kall saman folket, så skal eg gje dei vatn!»
17
Då song Israel denne songen: Du brønn, vell opp! Syng til den
18
brønnen som hovdingar har grave ut, som dei fremste menn i folket har bora med septer og styrarstav. Frå ørkenen drog dei til Mattana,
19
frå Mattana til Nahaliel, frå Nahaliel til Bamot
20
og frå Bamot til den dalen som går gjennom Moab-høgsletta, under toppen av Pisga-fjellet, der ein kan sjå ut over øydemarka.
21
Israel sende bodberarar til amorittkongen Sihon og sa:
22
«Lat meg få dra gjennom landet ditt! Vi skal ikkje svinga inn på åkrar eller vinmarker og ikkje drikka vatn or brønnane. Vi skal følgja kongsvegen til vi er komne gjennom landet ditt.»
23
Men Sihon gav ikkje Israel lov til å fara gjennom landet sitt. Han samla heile hæren sin og drog ut mot Israel i ørkenen. Då han kom til Jahas, gjekk han til åtak på dei.
24
Men Israel slo han med sverd og tok landet hans frå Arnon til Jabbok, heilt til ammonittlandet. For langs grensa mot ammonittane var det sterke forsvarsverk.
25
Alle desse byane tok Israel. Og Israel busette seg i amorittbyane, i Hesjbon og i alle landsbyane som høyrde til.
26
For Hesjbon var byen til amorittkongen Sihon. Han hadde ført krig mot den førre kongen i Moab og teke frå han alt landet heilt til Arnon.
27
Difor seier diktarane: Kom til Hesjbon, bygg byen opp att, gjer han urokkeleg, Sihons by!
28
For eld gjekk ut frå Hesjbon, ein loge frå Sihons by, han fortærte Ar i Moab, slukte Bamot ved Arnon.
29
Ve deg, du Moab! Det er ute med deg, du Kemosj-folk. Han har gjort sønene sine til flyktningar, sendt døtrene som fangeferd til amorittkongen Sihon.
30
Vi skaut dei ned, Hesjbon ligg aud til Dibon. Vi herja heilt til Nofah, som ligg bortmed Medeba.
31
No slo Israel seg ned i amorittlandet.
32
Moses sende folk som skulle spionera i Jaser. Dei tok byane der omkring og dreiv ut amorittane som budde der.
33
Så snudde dei og drog oppover til Basan. Då drog kong Og i Basan ut mot dei med heile hæren sin, og det kom til slag ved Edre'i.
34
Då sa HERREN til Moses: «Ver ikkje redd han! Eg har gjeve både han og heile hæren hans og landet hans i dine hender. Du skal gjera det same med han som du gjorde med amorittkongen Sihon, som budde i Hesjbon.»
35
Då slo dei han og sønene hans og heile hæren hans. Ingen overlevande vart att. Så tok dei landet i eige.
← Chapter 20
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 22 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36