bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Numbers 29
Numbers 29
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 28
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 30 →
1
Den første dagen i den sjuande månaden skal de halda ei heilag samling. Då skal de ikkje gjera noko tungt arbeid. Det skal vera ein dag då hornet skal ljoma hos dykk.
2
De skal bera fram brennoffer til godange for HERREN: ein ung okse, ein vêr og sju årsgamle lam utan feil.
3
Grødeofferet som høyrer til, skal vera kveitemjøl blanda med olje, tre tiandedels efa for oksen, to tiandedels efa for vêren
4
og ein tiandedels efa for kvart av dei sju lamma.
5
Ein geitebukk skal de bera fram som syndoffer, til soning for dykk.
6
Dette skal de ofra i tillegg til nymåne-brennofferet og det daglege brennofferet, med grødeofferet og drikkofferet som høyrer til, slik regelen seier. Det skal vera eit gåveoffer til godange for HERREN.
7
Den tiande dagen i same månaden, den sjuande, skal de halda ei heilag samling. De skal visa måtehald og ikkje gjera noko arbeid.
8
De skal ofra brennoffer til godange for HERREN: ein okse, ein vêr og sju årsgamle lam, og dei må vera utan feil.
9
Grødeofferet som høyrer til, skal vera kveitemjøl blanda med olje, tre tiandedels efa for oksen, to tiandedels efa for vêren
10
og ein tiandedels efa for kvart av dei sju lamma.
11
Ein geitebukk skal de bera fram som syndoffer, i tillegg til det sonande syndofferet og det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkoffera som høyrer til.
12
Den femtande dagen i den sjuande månaden skal de halda ei heilag samling. Då skal de ikkje gjera noko slags arbeid. I sju dagar skal de feira høgtid for HERREN.
13
De skal ofra brennoffer, eit gåveoffer til godange for HERREN: tretten unge oksar, to vêrar og fjorten årsgamle lam. Dei skal vera utan feil.
14
Grødeofferet som høyrer til, skal vera kveitemjøl blanda med olje, tre tiandedels efa for kvar av dei tretten oksane, to tiandedels efa for kvar av dei to vêrane
15
og ein tiandedels efa for kvart av dei fjorten lamma.
16
Ein geitebukk skal de bera fram som syndoffer, i tillegg til det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkofferet som høyrer til.
17
Den andre dagen skal de ofra tolv unge oksar, to vêrar og fjorten årsgamle lam utan feil.
18
Grødeofferet og drikkoffera som høyrer til, skal svara til talet på oksar, vêrar og lam, slik regelen seier.
19
Ein geitebukk skal de bera fram som syndoffer, i tillegg til det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkoffera som høyrer til.
20
Den tredje dagen skal de ofra elleve oksar, to vêrar og fjorten årsgamle lam utan feil.
21
Grødeofferet og drikkoffera som høyrer til, skal svara til talet på oksar, vêrar og lam, slik regelen seier.
22
Ein geitebukk skal de bera fram som syndoffer, i tillegg til det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkofferet som høyrer til.
23
Den fjerde dagen skal de ofra ti oksar, to vêrar og fjorten årsgamle lam utan feil.
24
Grødeofferet og drikkoffera som høyrer til, skal svara til talet på oksar, vêrar og lam, slik regelen seier.
25
Ein geitebukk skal de bera fram som syndoffer, i tillegg til det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkofferet som høyrer til.
26
Den femte dagen skal de ofra ni oksar, to vêrar og fjorten årsgamle lam utan feil.
27
Grødeofferet og drikkoffera som høyrer til, skal svara til talet på oksar, vêrar og lam, slik regelen seier.
28
Ein bukk skal de bera fram som syndoffer, i tillegg til det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkofferet som høyrer til.
29
Den sjette dagen skal de ofra åtte oksar, to vêrar og fjorten årsgamle lam utan feil.
30
Grødeofferet og drikkoffera som høyrer til, skal svara til talet på oksar, vêrar og lam, slik regelen seier.
31
Ein geitebukk skal de bera fram som syndoffer, i tillegg til det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkoffera som høyrer til.
32
Den sjuande dagen skal de ofra sju oksar, to vêrar og fjorten årsgamle lam utan feil.
33
Grødeofferet og drikkoffera som høyrer til, skal svara til talet på oksar, vêrar og lam, slik regelen seier.
34
Ein geitebukk skal de bera fram som syndoffer, i tillegg til det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkofferet som høyrer til.
35
Den åttande dagen skal de halda ei høgtidssamling. Då må de ikkje gjera noko slags arbeid.
36
De skal bera fram brennoffer, gåveoffer til godange for HERREN: ein okse, ein vêr og sju årsgamle lam utan feil.
37
Grødeofferet og drikkoffera som høyrer til, skal svara til talet på oksar, vêrar og lam, slik regelen seier.
38
Ein geitebukk skal de bera fram som syndoffer, i tillegg til det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkofferet som høyrer til.
39
Desse offera skal de bera fram for HERREN til fastsette tider, i tillegg til lovnadsoffera og dei frivillige offera, anten det er brennoffer, grødeoffer, drikkoffer eller måltidsoffer.
← Chapter 28
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 30 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36