bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Proverbs 18
Proverbs 18
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 17
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 19 →
1
Ein einstøing følgjer si eiga lyst, glefser mot alle kloke råd.
2
Dåren bryr seg ikkje om innsikt, han vil berre visa kva han tenkjer sjølv.
3
Kjem ein urettferdig, kjem forakt, og med skam følgjer spott.
4
Ein manns ord er som djupt vatn, og visdomens kjelde er ein bekk som vell fram.
5
Det er gale å halda med ein urettferdig og driva den rettferdige bort frå retten.
6
Dårens lepper valdar strid, munnen hans ropar etter riset.
7
Dårens munn blir hans undergang, leppene blir ei snare for han.
8
Ord frå ein baktalar er som lekre retter, dei glid ned i magen.
9
Den som forsømer arbeidet sitt, er bror til den som øydelegg.
10
HERRENS namn er eit festningstårn, dit spring den rettferdige og finn vern.
11
Rikmanns gods er hans faste borg, i hans tanke er det som ein vernande mur.
12
Før mannen fell, er han stolt i hjartet, føre ære går audmjukt sinn.
13
Den som svarar før han høyrer, er dum og haustar skam.
14
Motet held eit menneske oppe i sjukdom, men mismot, kven kan bera det?
15
Eit klokt hjarte kjøper seg kunnskap, vismenns øyre søkjer kunnskap.
16
Gåver opnar dører og gjev tilgang til dei store.
17
Den som talar først i ei sak, får rett, til motparten kjem og spør han ut.
18
Loddkasting gjer ende på tretter og avgjer strid mellom mektige.
19
Ein krenkt bror er ein festningsby; krangel er som bommen på ein borgport.
20
Magen nyt godt av det munnen ber fram, leppene ber frukt som mettar.
21
Tunga har makt over død og liv, dei som gjerne bruker henne, får smaka frukta.
22
Den som finn ei kone, finn lukka; han har vunne velvilje hos HERREN.
23
Den fattige kjem med bøn om nåde, den rike svarar med harde ord.
24
Det finst vener som skader kvarandre, men ein sann ven er meir trufast enn ein bror.
← Chapter 17
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 19 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31