bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Proverbs 30
Proverbs 30
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 29
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 31 →
1
Ord av Agur, son til Jake. Til lærdom. Slik lyder mannens ord: Gud, eg er trøytt, Gud, eg er trøytt, eg greier ikkje meir.
2
Eg er dummare enn andre menn, eg har ikkje forstand som eit menneske.
3
Eg har ikkje lært visdom så eg kunne få del i kunnskapen til dei heilage.
4
Kven steig opp til himmelen og steig ned att? Kven samla vinden i si hole hand? Kven lukka vatnet inne i kappa si? Kven fastsette alle grensene for jorda? Kva heiter han, og kva heiter son hans? Veit du det?
5
Kvart ord frå Gud er reinsa. Han er eit skjold for dei som tek si tilflukt til han.
6
Legg ikkje noko til hans ord, elles går han i rette med deg og du står der som løgnar.
7
To ting vil eg be deg om, nekt meg dei ikkje så lenge eg lever:
8
Hald løgn og svik langt borte frå meg! Gjer meg korkje fattig eller rik, men lat meg få den maten eg treng!
9
Elles kunne eg bli så mett at eg fornekta deg og spurde: «Kven er HERREN?» eller bli så fattig at eg stal og krenkte namnet til min Gud.
10
Baktal ikkje ein slave for herren hans, elles vil han forbanna deg, og du må bøta for di skuld.
11
Det finst ei slekt som forbannar far sin og ikkje velsignar mor si,
12
ei slekt som er rein i eigne auge, men ikkje har vaska skiten av seg,
13
ei slekt med så stolte auge og lyfte augnebryn,
14
ei slekt med tenner som sverd og gap som knivar, dei vil eta dei hjelpelause ut av landet og dei fattige ut av folket.
15
Blodiglen har to døtrer: «Gjev» og «Gjev». Det finst tre som ikkje blir mette, fire som aldri seier «det er nok»:
16
dødsriket og det lukka morslivet, jorda, som alltid tørstar etter vatn, og elden, som aldri seier: «Det er nok.»
17
Eit auge som spottar far sin og nektar å lyda mor si, det skal ramnane ved bekken hakka ut og ørnungane eta opp.
18
Tre ting er for underfulle for meg, og fire skjønar eg ikkje:
19
ørns veg over himmelen, orms veg over berget, skips veg over havet og manns veg til ei ung kvinne.
20
Slik gjer ei utru kvinne: Ho et og tørkar seg om munnen og seier: «Eg har ikkje gjort noko gale.»
21
Tre ting får jorda til å skjelva, og fire kan ho ikkje tola:
22
ein tenar som blir konge, og ein dåre som får mat i overflod,
23
ei forakta kvinne som blir gift, og ei slavekvinne som trengjer husfrua si unna.
24
Fire små er det på jorda, endå er dei visast av dei vise:
25
Mauren er ikkje noko sterkt folk, endå legg han seg opp føde om sommaren.
26
Fjellgrevlingen er ikkje noko mektig folk, endå byggjer han seg bustad i berget.
27
Grashoppene har ingen konge, endå rykkjer dei fram i formasjon.
28
Firfisla kan ein fanga med hendene, endå bur ho i kongens slott.
29
Tre går med stolte steg, fire har ei vakker gonge:
30
løva, kjempa mellom dyra, som ikkje vik for nokon,
31
hanen som briskar seg, bukken først i flokken og kongen i spissen for sin hær.
32
Har du vore dum og gjort deg stor eller tenkt på det, så legg handa på munnen!
33
For trykk på mjølka gjev smør, trykk på nasen gjev blod, trykk på vreiden gjev strid.
← Chapter 29
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 31 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31