bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Proverbs 24
Proverbs 24
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 23
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 25 →
1
Misunn ikkje vonde menneske, lengt ikkje etter å vera saman med dei!
2
For hjartet deira tenkjer på vald, og leppene talar om ulukke.
3
Med visdom blir huset bygd, og med innsikt blir det reist.
4
Med kunnskap blir romma fylte av dyre og fine skattar.
5
Ein mann som er vis, har styrke, den som har kunnskap, er full av kraft.
6
Legg planar før du fører krig, når mange gjev råd, vinn du siger.
7
Visdomen heng for høgt for den dumme, i byporten opnar han ikkje sin munn.
8
Den som legg vonde planar, blir kalla renkesmed.
9
Påfunna til den dumme er synd, spottaren møter avsky blant folk.
10
Mistar du motet på den dagen du er i naud, har du òg mista din styrke.
11
Berg dei som blir førte til døden, hald att dei som vaklar mot rettarstaden!
12
Seier du: «Vi visste det ikkje», så ser han det, han som prøver hjarta. Han som vaktar livet ditt, veit det og gjev kvar og ein att etter det han har gjort.
13
Et honning, son min, for den er god, flytande honning er søt for ganen.
14
Og vit at slik er visdomen for sjela. Finn du den, har du ei framtid, ditt håp er ikkje ute.
15
Ligg ikkje på lur som ein urettferdig der den rettferdige bur, legg ikkje heimen hans øyde!
16
Sju gonger kan den rettferdige falla og reisa seg att, men dei urettferdige snublar i det som er vondt.
17
Gled deg ikkje når fienden din fell, hjartet skal ikkje jubla når han snublar.
18
Då vil HERREN sjå på det med uvilje og venda vreiden sin bort frå han.
19
Ver ikkje harm på dei som gjer vondt, og misunn ikkje dei lovlause!
20
For dei vonde har inga framtid, lampa til dei urettferdige sloknar.
21
Frykt HERREN og kongen, son min! Slå deg ikkje saman med dei som vil forandra.
22
For brått kan ulukka ramma dei. Kven veit kva slag øydelegging dei to kan senda?
23
Dette òg er ord av dei vise: Det er gale å gjera skilnad på folk i retten.
24
Seier nokon til ein skuldig: «Du er uskuldig», vil folk forbanna han og folkeslag fordømma han.
25
Men dei som dømmer rett, går det vel, lukke og velsigning kjem over dei.
26
Eit ærleg svar er eit kyss på leppene.
27
Fullfør arbeidet ute, gjer deg ferdig på åkeren, så kan du byggja deg hus.
28
Ver ikkje utan grunn vitne mot nesten din, så du svik han med leppene dine.
29
Sei ikkje: «Som han har gjort mot meg, slik vil eg gjera mot han; eg vil gje han att etter det han har gjort.»
30
Eg gjekk forbi ein lat manns åker, langs vinmarka til eit menneske utan forstand.
31
Sjå, der var det fullt av nesler, grunnen var overgrodd med tistlar, og steingjerdet var nedrive.
32
Eg la merke til dette og la meg det på hjartet, eg tok lærdom av det eg såg.
33
«Litt søvn, litt kvile med hendene i fanget,
34
så kjem fattigdomen på deg som farande fant og nauda som velvæpna mann.»
← Chapter 23
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 25 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31