bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Proverbs 22
Proverbs 22
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 21
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 23 →
1
Godt namn er meir verdt enn stor rikdom, respekt er betre enn sølv og gull.
2
Rik og fattig møtest, HERREN har skapt dei begge.
3
Den kløktige ser ulukka koma og gøymer seg, dei vitlause går på og får si straff.
4
Å vera audmjuk og frykta HERREN gjev rikdom, ære og liv.
5
På vegen dei svikefulle går, er tornar og snarer, den som vil ta vare på livet, held seg borte frå dei.
6
Lær den unge vegen han skal gå, så vik han ikkje av når han blir gammal.
7
Den rike er herre over dei fattige, den som låner, blir slave under långjevaren.
8
Den som sår urett, haustar vondskap, riset han bruker i sinne, blir øydelagt.
9
Den som har auge for å gjera godt, blir velsigna, for han deler sitt brød med den fattige.
10
Jag spottaren ut, så går krangelen med, strid og skam får ein ende.
11
Den som elskar eit reint hjarte og har milde ord på leppene, får kongen til ven.
12
HERRENS auge vaker over kunnskapen, men svikarens ord gjer han til inkjes.
13
Den late seier: «Det er ei løve der ute, eg kunne bli drepen midt på torget!»
14
Munnen til framand kvinne er ei djup grav, den HERREN er harm på, fell nedi.
15
Dumskap høyrer ungdomen til, riset kan oppdra og driva dumskapen bort.
16
Den som undertrykkjer fattige for sjølv å bli rik, og den som gjev gåver til rike, lid berre tap.
17
Legg øyret til og høyr orda frå dei vise, legg deg på hjartet den kunnskapen eg gjev.
18
Det er godt å ta vare på dei i sitt indre og alltid ha dei på leppene.
19
For deg kunngjer eg dei i dag, så du kan setja di lit til HERREN.
20
Ja, eg har skrive opp tretti ordtak for deg med kloke råd
21
for å læra deg sanne og pålitelege ord, så du kan gje pålitelege svar til dei som har sendt deg.
22
Ran ikkje den fattige fordi han er fattig, knus ikkje den hjelpelause i retten!
23
For HERREN vil føra saka for dei og røva livet frå røvarane.
24
Ver ikkje ven med den hissige, slå ikkje lag med den bråsinte,
25
så du ikkje lærer deg hans vegar og set ei snare for ditt liv.
26
Ver ikkje blant dei som gjev sitt handslag og stiller kausjon for gjeld.
27
Om du ikkje har noko å betala med, tek dei endåtil senga du ligg på.
28
Flytt ikkje gamle grensesteinar som fedrane dine har reist.
29
Ser du ein mann som er dugande i sitt arbeid? Han kan ta teneste hos kongar og skal ikkje tena hos småkårsfolk.
← Chapter 21
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 23 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31