bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Proverbs 9
Proverbs 9
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 8
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 10 →
1
Visdomen har bygd seg hus og hogge til sine sju søyler.
2
Ho har slakta fe og blanda vin, og ho har dekt på bordet.
3
Ho har sendt tenestejentene ut, ho ropar oppe frå høgdene i byen:
4
«Du som er urøynd, vend deg hit!» Til den vitlause seier ho:
5
«Kom og et av maten min og drikk av vinen eg har blanda.
6
Lat vitløysa fara, så skal de leva, gå fram på den vegen forstanden viser!»
7
Den som åtvarar ein spottar, får skam, den som går i rette med ein urettferdig, lid skade.
8
Gå ikkje i rette med spottaren, då hatar han deg, gå i rette med den vise, så elskar han deg.
9
Gjev til den vise, så blir han visare, lær den rettferdige, så aukar han sin lærdom.
10
Å frykta HERREN er opphav til visdom, å ha den kunnskap dei heilage har, er forstand.
11
Ved meg skal dine dagar bli mange, og du får fleire leveår.
12
Er du vis, blir din visdom til nytte for deg, spottar du, må du lida for det sjølv.
13
Dårskapen er ei rastlaus kvinne, vitlaus er ho og forstår ikkje noko.
14
Ho sit utfor husdøra si, har sitt sete høgt oppe i byen.
15
Ho ropar til alle som går forbi, dei som går beint fram på vegen:
16
«Du som er urøynd, vend deg hit!» Til den vitlause seier ho:
17
«Stole vatn smakar godt, herleg er maten ein et i løynd.»
18
Men han skjønar ikkje at det er daudingar der, at gjestene hennar er frå djupaste dødsriket.
← Chapter 8
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 10 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31