bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Proverbs 25
Proverbs 25
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 24
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 26 →
1
Dette er òg ordtak frå Salomo. Dei er overleverte frå mennene til Juda-kongen Hiskia.
2
Det er Guds ære å skjula ei sak, men kongars ære å granska henne.
3
Himmelhøgd og jordedjup og kongars hjarte kan ingen granska.
4
Skil slagget frå sølvet, så kan sølvsmeden laga ei skål.
5
Før den urettferdige bort frå kongen, så skal trona hans tryggjast ved rettferd.
6
Du skal ikkje framheva deg sjølv når kongen ser på, stig ikkje fram på plassen til dei store!
7
For det er betre at dei seier til deg: «Kom og set deg her oppe!» enn at dei flytter deg ned på grunn av ein stormann. Kva du så ser med eigne auge,
8
ver ikkje for snar til å reisa sak. For kva vil du gjera til sist når nesten din fører skam over deg?
9
Før berre saka med nesten din, men røp ikkje ein annans løyndomar!
10
Elles vil den som høyrer det, klandra deg; ryktet du spreier, kan ikkje kallast tilbake.
11
Som eple av gull i eit smykke av sølv er ord ein talar i rette tid.
12
Som ein ring av gull, som eit smykke av fint gull er refsingsord frå den vise til ein som vil høyra.
13
Som svalande snø når det er tid for å hausta, er eit trufast sendebod for den som sende han, han gjev herren sin nye krefter.
14
Lik skyer og vind som ikkje gjev regn, er den som skryter av gåver han ikkje gjev.
15
Med tolmod blir hovdingen overtala, ei mild tunge knuser bein.
16
Finn du honning, så et ikkje meir enn du treng, elles blir du for mett og må kasta opp.
17
Set ikkje for ofte foten i huset til venen din, elles blir han lei av deg og får avsky for deg.
18
Som ei klubbe, eit sverd, ei kvass pil er den som vitnar falskt mot nesten.
19
Som ei ròten tann, ein vaklande fot er det å stola på ein svikar når nauda kjem.
20
Som å kasta kappa ein vinterdag, som å slå eddik på sår er det å syngja for eit sorgfullt hjarte.
21
Er fienden din svolten, så lat han få mat, er han tørst, så gjev han vatn å drikka.
22
Då samlar du glødande kol på hovudet hans, og HERREN skal løna deg.
23
Nordavinden føder regn, baktale føder sinte andlet.
24
Betre å bu i ein krok på taket enn å dela hus med trettekjær kvinne.
25
Kaldt vatn for den som er sliten, slik er godt nytt frå framandt land.
26
Ei grumsete kjelde, ein utskjemd brønn er ein rettferdig som gjev etter for ein urettferdig.
27
Å eta for mykje honning er ikkje godt, heller ikkje stendig å trå etter ære!
28
Lik ein øydelagd by med nedriven mur er den som ikkje kan styra sitt sinn.
← Chapter 24
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 26 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31