bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Exodus 1
Exodus 1
Norwegian 1938
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 2 →
1
No skal de få høyra namni på Israels-sønene som kom til Egyptarland; med Jakob kom dei, kvar med sin huslyd:
2
Ruben og Simeon og Levi og Juda,
3
Issakar og Sebulon og Benjamin,
4
Dan og Naftali, Gad og Aser.
5
Med alle i hop var det sytti sjeler som var ætta frå Jakob; Josef han var no alt i Egyptarland.
6
Og Josef døydde og alle brørne hans og heile den ætti.
7
Men Israels-folket muna og voks og auka og vart uhorveleg mannsterke, so dei fyllte heile landet.
8
Då kom det ein ny konge i Egyptarland, som ikkje visste noko um Josef.
9
Og han sa til folket sitt: Sjå, Israels-lyden er større og sterkare enn me.
10
Lat oss no fara klokt fram, so dei ikkje skal aukast endå meir! For kjem det ufred, so kunde dei gjerne slå seg i hop med uvenene våre og strida mot oss og fara or landet!
11
So sette dei futar yver dei, som skulde plaga dei med tungarbeid, og dei laut byggja tvo byar med varehus for Farao; det var Pitom og Ra'amses.
12
Men di meir dei plaga dei, di meir auka dei, og di meir breidde dei seg ut, so egyptarane tok til å fæla for Israels-borni.
13
Soleis nøydde dei no Israels-borni til å træla for seg
14
og gjorde livet surt for dei med hardt arbeid i leirtaki og tiglverki og med allslags jordarbeid, alt arbeidet som dei truga dei til å gjera.
15
Og kongen i Egyptarland sa til dei hebraiske jordmøderne - den eine av dei heitte Sifra og den andre Pua -:
16
Kvar gong de hjelper ei hebraisk barnsengkona, sa han, so skal de sjå etter i fødestolen: Er det son ho hev fenge, so drep han! er det dotter, so må ho leva.
17
Men jordmøderne hadde age for Gud og gjorde ikkje som kongen i Egyptarland sa, men let småsveinane leva.
18
Då kalla kongen jordmøderne fyre seg og sa til dei; Kvi gjer de dette og let sveinborni leva?
19
Jordmøderne svara: Dei hebraiske kvinnone er ikkje som dei egyptiske, dei er sterkare; innan jordmori kjem, hev dei fenge barnet.
20
Då gjorde Gud vel imot jordmøderne; og folket auka og vart ovleg mangment.
21
Og for di jordmøderne hadde age for Gud, gav han dei avkjøme.
22
Men Farao sende bod utyver til heile folket sitt og sa: Kvar son som kjem til verdi, skal de kasta i elvi; berre døtterne skal de lata leva!
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 2 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40