bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Exodus 20
Exodus 20
Norwegian 1938
← Chapter 19
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 21 →
1
Då tala Gud alle desse ordi og sa:
2
Eg er Herren din Gud, som førde deg ut or Egyptarlandet, or slavehuset.
3
Du skal ikkje hava andre gudar attåt meg.
4
Du skal ikkje gjera deg noko utskore bilete eller nokor likning av det som er uppi himmelen, eller det som er nedpå jordi, eller det som er i vatnet nedunder jordi.
5
Du skal ikkje tilbeda dei og ikkje tena dei! For eg, Herren din Gud, er ein streng Gud, som hemnar broti åt federne på borni i tridje og fjorde ættleden av dei som hatar meg,
6
men gjer vel i tusund ættleder mot dei som elskar meg og held bodi mine.
7
Du skal ikkje misbruka namnet åt Herren din Gud; for Herren held ikkje den uskuldig som misbrukar namnet hans.
8
Kom i hug at du held kviledagen heilag!
9
Seks dagar må du arbeida og gjera alt det du skal.
10
Men den sjuande dagen er sabbat for Herren din Gud. Då skal du ikkje gjera noko arbeid, korkje du eller son din eller dotter di eller drengen din eller tenestgjenta di eller feet ditt eller den framande som held seg innan portane dine.
11
For i seks dagar skapte Herren himmelen og jordi og havet og alt som i dei er; men den sjuande dagen kvilde han; difor velsigna Herren sabbatsdagen og lyste han heilag.
12
Æra far din og mor di, so du fær leva lenge i det landet som Herren din Gud gjev deg.
13
Du skal ikkje slå i hel.
14
Du skal ikkje vera utru mot maken din.
15
Du skal ikkje stela.
16
Du skal ikkje vitna rangt mot næsten din.
17
Du skal ikkje trå etter huset åt næsten din, eller drengen eller tenestgjenta eller uksen eller asnet hans eller noko anna som høyrer næsten din til.
18
Og heile folket såg og høyrde toreslagi og eldingane og lurljoden og røyken av fjellet; og då dei gådde det, skalv dei og heldt seg langt undan.
19
Og dei sa til Moses: Tala du med oss, so skal me høyra, men lat ikkje Gud tala med oss; for då døyr me!
20
Då sa Moses til folket: Ver ikkje redde! Gud vil røyna dykk; difor er det han kjem - og at agen for han skal bu i hjarto dykkar, so de ikkje syndar.
21
So vart folket standande langt burte, medan Moses gjekk innåt myrkeskodda der Gud var.
22
Og Herren sa til Moses: So skal du segja til Israels-borni: De hev høyrt korleis eg tala til dykk frå himmelen.
23
De skal ikkje gjera dykk nokon gud attåt meg. Gudar av sylv eller gull skal de ikkje gjera dykk.
24
Eit altar av jord skal du gjera meg, og på det skal du ofra brennofferi og takkofferi dine, småfeet og storfeet ditt. Kvar den stad som eg vil hava namnet mitt ihugkome, skal eg koma til deg og velsigna deg.
25
Men vil du gjera eit steinaltar åt meg, so skal du ikkje byggja det av hoggen stein; for brukar du bitjarn på steinane, so vanhelgar du dei.
26
Heller ikkje skal du stiga upp til altaret etter ei tropp, so du nækjer blygsli di uppyver det.
← Chapter 19
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 21 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40