bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Exodus 17
Exodus 17
Norwegian 1938
← Chapter 16
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 18 →
1
So tok heile Israels-lyden ut frå Sinøydemarki og for dagsleid etter dagsleid, soleis som Herren sa dei fyre. Sidan lægra dei seg i Refidim; med der fanst det ikkje vatn so folket kunde få drikka.
2
Og folket tretta med Moses og sa: Gjev oss vatn, so me fær drikka! Då sa Moses til dei: Kvi trettar de med meg? Kvi freistar de Herren?
3
Men folket tyrsta etter vatn, og dei mukka mot Moses og sa: Kvi hev du då ført oss upp frå Egyptarland? Vil du då at me og borni våre og feet vårt skal døy av torst?
4
Då ropa Moses til Herren og sa: Kva skal eg gjera med dette folket? Det er ikkje lenge fyrr dei steinar meg?
5
Og Herren sa til Moses: Far i veg fyre folket! Få med deg nokre av dei øvste i Israel, og staven din som du slo i elvi med, tak den i handi, og gakk so!
6
Du skal få sjå meg stande midt uppyver ei ufs der burte på Horeb; då skal du slå på ufsi, og det skal koma vatn ut or henne, so folket fær drikka. Moses gjorde som Herren sa, so dei øvste i Israel såg på det.
7
Den staden kalla han Massa og Meriba, av di at Israels-folket tretta med han, og av di dei freista Herren og sa: Er Herren imillom oss eller ikkje?
8
Sidan kom Amalek og gav seg i strid med Israel i Refidim.
9
Då sa Moses til Josva: Vel oss ut nokre menner og tak ut og haldt slag med Amalek! I morgon skal eg standa øvst på haugen med gudsstaven i handi.
10
Josva gjorde som Moses sa til han og slost med Amalek, og Moses og Aron og Hur steig upp på høgste haugen.
11
Då gjekk det slik at so lenge Moses heldt handi i veret, hadde Israel yvertaket, men når han let handi siga, so vann Amalek.
12
Men so tok Moses til å trøytna i hendene; då tok dei ein stein og la til rettes for han; den sette han seg på, og Aron og Hur studde hendene hans, ein på kvar sida. Då heldt han hendene støde alt til soli gladde.
13
Josva hogg ned Amalek og folket hans med kvasse sverdet.
14
Og Herren sa til Moses: Skriv dette upp i ei bok, so det ikkje gjeng dykk or minne, og lat Josva feste det i hugen! For eg vil rydja ut minnet um Amalek, so det ikkje skal finnast meir under himmelen.
15
Då bygde Moses eit altar og kalla det: Herren er hermerket mitt.
16
Og han sa: Ei hand er rekt frå Herrens høgsæte! Herren skal søkja Amalek med ufred, ætt for ætt.
← Chapter 16
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 18 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40