bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Exodus 7
Exodus 7
Norwegian 1938
← Chapter 6
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 8 →
1
Då sa Herren til Moses: Sjå, eg hev laga det so at du vert som ein Gud for Farao, og Aron, bror din, skal vera profeten din.
2
Du skal tala alt det eg segjer deg fyre, men Aron, bror din, skal orda det ut for Farao, so han let Israels-borni fara ut or landet sitt.
3
Men eg vil herda hugen åt Farao, og sidan vil eg gjera mange teikn og under i Egyptarlandet.
4
Farao kjem ikkje til å høyra på dykk, og då vil eg leggja mi hand på Egyptarland og føra herane mine, folket mitt eige, Israels-borni ut or Egyptarlandet med harde refsingar.
5
Og egyptarane skal ljota sanna at eg er Herren, når eg rettar handi mi utyver Egyptarlandet og tek Israels-borni beint ifrå dei.
6
Og Moses og Aron gjorde dette; som Herren hadde sagt dei fyre, so gjorde dei.
7
Moses var åtti og Aron tri og åtti år gamal, då dei tala med Farao.
8
Og Herren sa det til Moses og Aron:
9
Når Farao talar til dykk og segjer: Lat meg få sjå eit under av dykk! då skal du segja til Aron: Tak staven din og kasta han ned framfor augo åt Farao, so skal han verta til ein stor orm.
10
So gjekk Moses og Aron fram for Farao og gjorde som Herren hadde sagt: Aron kasta ned staven sin framfor augo åt Farao og tenarane hans, og staven vart til ein diger orm.
11
Då sende Farao bod etter vismennene og trollkarane, runemeistrane som dei hadde i Egyptarland, og dei bruka trollkunstene sine og gjorde det same.
12
Dei kasta kvar sin stav, og dei vart til store ormar; men staven hans gløypte stavane deira.
13
Og det gjekk som Herren hadde sagt: Farao var strid i hugen og vilde ikkje høyra på dei.
14
Då sa Herren til Moses: Farao er trassig; han vil ikkje lata folket fara.
15
Gakk til han i morgon tidleg - då kjem han ned åt elvi - og statt på elvebakken, so møter han deg, og staven som vart skapt um til ein orm skal du hava i handi.
16
Og so skal du segja til han: Herren, Hebrearguden, hev sendt meg til deg og segjer: Lat folket mitt fara, so dei kann tena meg i øydemarki! Men det hev ikkje du vilja lydt på endå.
17
Og Herren segjer so: Dette skal du hava til merke på at eg er Herren: Sjå no slær eg i elvevatnet med denne staven som eg hev i handi mi, og so skal det verta til blod.
18
Og fisken i elvi skal døy og ein illtev stiga frå elvi, so egyptarane ikkje er god til å drikka vatnet i henne.
19
Sidan sa Herren til Moses: Seg til Aron: Tak staven og rett handi di ut yver Egyptarlands-vatni, yver elvane og veitene og tjørnene deira og yver kvar vassdam der er, so skal dei verta til blod, og blod skal det vera utyver Egyptarlandet, både i trekoppar og steinkjer.
20
Og Moses og Aron gjorde som Heren hadde sagt; Aron lyfte staven og slo i elvevatnet so dei såg på det både Farao og tenarane hans, og alt vatnet i elvi vart blod.
21
Då døydde all fisken i elvi, og det stod ein ond tev av elvi, so egyptarane ikkje kunde drikka vatnet, og det var blod i heile Egyptarlandet.
22
Men runemeistrane deira bruka trollkunstene sine og gjorde det same. Og det gjekk som Herren hadde sagt: Farao var stridhuga og høyrde ikkje på dei.
23
Og Farao snudde seg og gjekk heim til huset sitt og brydde seg ikkje um dette heller.
24
Men alle egyptarane grov kringum elvi etter drikkevatn; for dei kunde ikkje drikka elvevatnet.
25
So leid det sju dagar etter Herren hadde gjort elvi til blod.
← Chapter 6
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 8 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40