bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Exodus 33
Exodus 33
Norwegian 1938
← Chapter 32
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 34 →
1
Sidan sa Herren til Moses: Tak ut herifrå, både du og det folket du hev ført upp frå Egyptarland, og far åt det landet som eg lova Abraham og Isak og Jakob då eg sa: Di ætt vil eg gjeva det,
2
og eg vil senda ein engel framfyre deg og driva ut kana'anitane og amoritane og hetitane og ferisitane, hevitane og jebusitane.
3
Far til det landet som fløymer med mjølk og honning! Men eg vil ikkje vera i fylgje med deg; for du er eit hardkyndt folk; eg kom til å gjera av med deg på vegen.
4
Då folket høyrde desse harde ordi, vart dei sorgfulle, og ingen tok på seg høgtidsbunaden sin.
5
For Herren sa til Moses: Seg til Israels-borni: De er eit hardkyndt folk; fylgdest eg med deg um det var aldri so lite bel, so laut eg gjera ende på deg. Men tak no av deg høgtidsskrudet, so skal eg sjå kva eg skal gjera for deg!
6
Då reiv Israels-borni av seg høgtidsskrudet og bar det ikkje meir, etter den tid dei stod innmed Horebfjellet.
7
Moses tok eit tjeld og sette det upp utanfor lægret eit godt stykke ifrå; han kalla det møtetjeldet, og alle som vilde finna Herren, gjekk ut til møtetjeldet som var utanfor lægret.
8
Og kvar gong Moses gjekk ut til tjeldet, so reiste alt folket seg og stod kvar i døri til si tjeldbu og såg etter Moses, til han var komen inn i tjeldet.
9
Og når Moses var komen inn i tjeldet, då kom skystopulen ned og stod i tjelddøri, og han tala med Moses.
10
Og heile folket såg skystopulen som stod i døri i møtetjeldet. Då reiste dei seg alle saman og la seg på kne kvar i døri til si tjeldbu.
11
Og Herren tala med Moses, andlet mot andlet, som ein mann talar med ein annan. Sidan gjekk Moses attende til lægret; men fylgjesveinen hans, Josva Nunsson, heldt seg allstødt inni møtetjeldet.
12
Og Moses sa til Herren: Sjå, du segjer det til meg; Før dette folket upp! Men eg fær ikkje vita kven du vil senda med meg, og du hev då sjølv sagt: Eg kjenner deg vel, og eg hev fenge godvilje for deg.
13
Er det so at du hev godvilje for meg, so syn meg då vegane dine, so eg kann læra å kjenna deg og vera deg til lags! Og kom so i hug at dette er ditt eige folk!
14
Då sa Herren til han: Mi åsyn skal ganga med, og eg skal føra deg til ro.
15
Moses svara: Gjeng ikkje di åsyn med, so lat oss ikkje fara herifrå!
16
Korleis kann eg då vita at du hev godvilje for meg og folket ditt, utan du gjeng med oss, so eg og folket ditt vert æra framfor alle folkeslag på jordi?
17
Då sa Herren til Moses: Det du bed um, skal eg nok gjera; for eg hev fenge godvilje for deg og kjenner deg vel.
18
Moses sa: So lat meg få sjå herlegdomen din!
19
Og han svara: Eg skal lata all min godleik fara fram midt for andletet ditt og ropa ut Herrens namn med det same eg fer framum deg; for eg vil vera nådig mot den som eg er nådig imot, og miskunna den som eg miskunnar.
20
Og han sa: Du kann ikkje få sjå andletet mitt; for inkje menneske som ser meg, kann leva.
21
Sidan sa Herren: Sjå her innmed meg på berget er eit rom; der kann du standa,
22
og når herlegdomen min fer framum, skal eg setja deg i denne bergskori og halda handi mi yver deg til dess eg hev kome framum.
23
Då skal eg taka handi mi burt att; so kann du sjå meg attantil; men andletet mitt fær ingen sjå.
← Chapter 32
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 34 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40