bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Exodus 15
Exodus 15
Norwegian 1938
← Chapter 14
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 16 →
1
Då song Moses og Israels-borni denne lovsongen til Herren: Eg vil lovsyngja Herren, for han er høgt upphøgd; hest og mann støytte han i havet.
2
Herren er min styrke og lovsong, og han vart meg til frelsa. Han er min Gud, han vil eg lova, Gud åt far min, han vil eg upphøgja.
3
Herren er ein hermann; Herren heiter han.
4
Vognene og heren åt Farao kasta han i havet, og dei utvalde kjempone hans drukna i Raudehavet.
5
Avgrunnar gøymde dei, som stein for dei ned i djupet.
6
Di høgre hand, Herre, er herleggjord i kraft, di høgre hand, Herre, krasar uvener.
7
I ditt storvelde slær du fiendane dine ned; du let vreiden din loga, då brenn dei som halm.
8
For anden din stokk vatni i hop, sjøane stod som haugar, bårone storkna i havsens hjarta.
9
Fienden sa: Eg vil elta dei, eg vil taka dei att, eg vil skifta ut herfang, eg vil metta mi sjel med dei; eg vil draga mitt sverd, mi hand skal øyda dei ut.
10
Du sende ut din ande, og havet gøymde dei; dei sokk som bly i ville vatnet.
11
Herre, kven er som du millom gudane? Kven er som du herleggjord i heilagdom, kven er so ageleg å lova, so underfull i verk?
12
Du rette ut di høgre hand, då gløypte jordi dei.
13
Du fører med di miskunn det folket du løyste ut; du leider dei med di kraft til din heilage bustad.
14
Folki fær spurt det og skjelv; fælska tek dei som bur i Filistarland.
15
Edom-jarlane ottast for ilt, Moab-hovdingane støkk so dei skjelv, alle Kana'an-buane vert vitskræmde.
16
Redsla og fælska kjem på dei; når dei augnar din veldige arm, tegjer dei stilt som ein stein, medan folket ditt, Herre, fer fram, medan det folket fær fram som du vann deg.
17
Du tek dei inn og plantar dei på eigedomen din, det berget som du, Herre, hev skapt til bustad åt deg sjølv, den heilagdomen, Herre, som dine hender hev grunna.
18
Herren skal vera konge i all æva.
19
For då hestane åt Farao med vognene og riddarane hans for ut i havet, då let Heren vatnet i havet fløda i hop yver dei, medan Israels-borni gjekk turrskodde midt igjenom havet.
20
Og Mirjam, vismøi, syster åt Aron, tok ei trumma i handi, og alle kvinnone gjekk etter henne med trummeslått og dans.
21
Og Mirjam song fyre og kvad: Lovsyng Herren, for han er høgt upphøgd; hest og mann støytte han i havet.
22
Sidan førde Moses folket burt frå Raudehavet, og dei kom ut i Surøydemarki; tri dagar for dei gjenom øydemarki og kunde ikkje finna vatn.
23
So kom dei til Mara, men dei kunde ikkje drikka vatnet i Mara av di det var beiskt. Difor kalla dei den staden Mara.
24
Og folket mukka mot Moses og sa: Kva skal me drikka?
25
Då ropa han til Herren, og Herren synte han eit tre; det kasta han upp i vatnet; då vart vatnet godt. Der sette dei lov og rett, og der røynde han dei.
26
Og han sa: Høyrer du vel etter ordi åt Herren din Gud og gjer det som rett er i hans augo, og lyder du bodi og held alle fyresegnene hans, so skal du sleppa alle dei sjukane som eg la på egyptarane; for eg er Herren, lækjaren din.
27
Sidan kom dei til Elim. Der var det tolv kjeldor og sytti palmetre, og dei lægra seg der frammed vatnet.
← Chapter 14
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 16 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40