bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Exodus 11
Exodus 11
Norwegian 1938
← Chapter 10
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 12 →
1
Herren hadde sagt til Moses: Endå ei ulukke vil eg føra yver Farao og Egyptarland, so skal han sleppa dykk av; han skal ikkje berre gjeva dykk lov til å fara, men beint fram driva dykk ut med alt det de hev.
2
Seg no so folket høyrer på, at kvar mann skal beda grannen sin og kvar kvinna grannekvinna si um sylv og gull!
3
Og Herren gjorde det slik at egyptarane fekk godvilje for folket; og so var og Moses ein ovstor mann i Egyptarlandet, både for tenarane åt Farao og for hitt folket.
4
Og Moses sa: So segjer Herren: Når det lid til midnatt, vil eg fara midt igjenom Egyptarland.
5
Då skal det døy alt som frumbore er i Egyptarlandet, frå den frumborne sonen åt Farao, som sit i høgsætet sitt, til den frumborne sonen åt trælkvinna, som sit og dreg landkverni, og alle frumsungane i buskapen.
6
Og frå heile Egyptarland skal det stiga eit øgjeleg skrik, so ingen skal hava høyrt slikt skrik anten fyrr eller sidan.
7
Men ikkje ein hund skal gøy på nokon i Israel, korkje på folk eller fe, so de skal verta vare at Herren gjer skil på egyptarane og Israel.
8
Då skal alle desse tenarane dine koma ned til meg og kasta seg ned for meg og segja: Far herifrå, både du og heile det folket som fylgjer deg! Og so skal eg fara. Og han gjekk burt frå Farao i brennande harm.
9
Som Herren hadde sagt til Moses: Farao skal ikkje høyra på dykk, so eg kann få gjort mange under i Egyptarlandet,
10
so gjorde Moses og Aron alle desse underi for augo åt Farao; men Herren gjorde Farao strid i hugen, so han slepte ikkje Israels-borni or landet sitt.
← Chapter 10
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 12 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40