bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Ezekiel 29
Ezekiel 29
Norwegian N 78 NN
← Chapter 28
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 30 →
1
I det tiande året, den tolvte dagen i den tiande månaden, kom Herrens ord til meg, og det lydde så:
2
Menneske, vend deg mot farao, kongen i Egypt! Tal profetord mot han og mot heile Egypt
3
og sei: Så seier Herren Gud: No kjem eg imot deg, farao, konge over Egypt, du store sjøuhyre som ligg midt i elvane dine, du som seier: «Nilen er min, det er eg som har skapt han.»
4
Eg set krokar i dine kjakar og lèt all fisken i Nilen hanga fast i dine skjel. Så dreg eg deg opp or Nilen saman med all fisken i elva som heng fast i dine skjel.
5
Eg kastar deg ut i øydemarka med all den fisken ¬som var i Nilen. Der vert du liggjande ¬på marka; du skal aldri samlast ¬eller sankast meir. Eg gjev deg til føde for dyra ¬på marka og for fuglane ¬under himmelen.
6
Då skal alle som bur i Egypt, sanna at eg er Herren. Du har vore ei støtte av sev ¬for Israel,
7
difor vert du knekt ¬når dei tek deg i handa, men du kløyver handa ¬på dei alle. Når dei stør seg på deg, ¬bryt du saman, men du får alle hofter ¬til å skjelva.
8
Difor seier Herren Gud: Sjå, no sender eg sverd ¬imot deg og rydjar ut både folk og fe.
9
Egypt skal verta audn ¬og øydemark, og folket skal sanna ¬at eg er Herren. Fordi du har sagt: ¬«Nilen er min, det er eg som har skapt han,»
10
difor går eg mot ¬både deg og Nilen og gjer Egypt til audn ¬og øydemark, uhyggjeleg aud ¬frå Migdol til Syene, ja, til grensa mot Nubia.
11
Der skal ikkje eit menneske ¬setja sin fot, ikkje eit dyr skal fara ikring; landet skal liggja ubygt ¬i førti år.
12
Eg gjer Egypt til ei øydemark mellom land ¬som er aude og tome, og byane der ¬skal liggja uhyggjeleg aude mellom andre ruinbyar ¬i førti år. Eg spreier egyptarane ¬mellom folka og strøyer dei ¬kringom i landa.
13
Men så seier Herren Gud: Når førti år er lidne, vil eg samla egyptarane frå folka ¬dei er spreidde imellom.
14
Eg vender lagnaden ¬for egyptarane og fører dei attende til Patros, det landet dei kom ifrå, og der skal dei vera eit lite rike.
15
Det skal vera mindre ¬enn andre rike og skal ikkje lenger lyfta seg over dei andre folka. Eg lèt dei verta så få i talet at dei ikkje kan rå ¬over folkeslag.
16
For Israels ætt ¬skal dei aldri meir vera ei livd som minner meg om den synd dei gjer når dei fylgjer Egypt. Dei skal sanna ¬at eg er Herren Gud.
17
I det tjuesjuande året, den fyrste dagen i den fyrste månaden, kom Herrens ord til meg, og det lydde så:
18
Menneske! Nebukadnesar, kongen i Babylonia, har late hæren sin streva hardt mot Tyrus. Kvart hovud er skallet, og skinnet er avslite på kvar aksel. Men korkje han eller hæren hans har fått løn av Tyrus for alt sitt strev.
19
Difor seier Herren Gud så: Sjå, no gjev eg Egypt til babylonarkongen Nebukadnesar. Han skal føra bort rikdomen der, røva og rana og ta hærfang, og det skal hæren hans ha i løn.
20
Eg gjev han Egypt til løn for det strevet han har hatt for meg, lyder ordet frå Herren Gud.
21
Den dagen lèt eg eit horn veksa fram for Israels-ætta. Og eg lèt deg opna munnen midt imellom dei. Då skal dei sanna at eg er Herren.
← Chapter 28
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 30 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48