bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Ezekiel 30
Ezekiel 30
Norwegian N 78 NN
← Chapter 29
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 31 →
1
Herrens ord kom til meg, og det lydde så:
2
Menneske, tal profetord og sei: Så seier Herren Gud: Klag og rop: Å, for ein dag!
3
Dagen er nær, ¬ja, Herrens dag er nær. Det er ein dag ¬med mørke skyer, ei tid med dom over folkeslag.
4
Det kjem eit sverd mot Egypt. I Nubia skal folket skjelva ¬av angst når egyptarar vert drepne ¬og fell, når rikdomen deira vert teken og grunnmurane ¬vert nedrivne.
5
Dei som bur i Nubia, ¬Put og Lud, alt blandingsfolket ¬og libyarane, og menn i landet ¬som dei har pakt med, skal falla for sverd ¬saman med dei.
6
Så seier Herren: Dei som støttar egyptarane, ¬skal falla, deira stolte makt ¬skal bryta saman; frå Migdol til Syene ¬skal dei falla for sverd, lyder ordet frå Herren Gud.
7
Egypt skal liggja audt ¬mellom øydelagde land, og byane skal liggja ¬mellom øydelagde byar.
8
Då skal dei sanna ¬at eg er Herren, når eg set eld på Egypt, og alle som hjelper landet, ¬vert knuste.
9
Den dagen skal sendebod ¬frå meg dra av stad, dei dreg ut på skip for å skræma ¬dei trygge nubiarane. Dei skal skjelva av angst når dagen kjem for Egypt. Ja sjå, han kjem!
10
Så seier Herren Gud: Eg lèt Nebukadnesar, ¬kongen i Babylonia, gjera ende på ¬den ståkande hopen i Egypt.
11
Han og folket hans med han, dei verste valdsmenn ¬mellom folka, skal koma dit og herja landet. Dei skal dra sine sverd ¬mot Egypt og fylla landet med drepne.
12
Eg lèt elvane turka ut og sel landet til vonde menn. Både det og alt som er i det, lèt eg framande øydeleggja. Eg, Herren, har tala.
13
Så seier Herren Gud: Eg vil gjera ende på avgudane, rydja ut dei gagnlause gudane ¬i Nof; det skal aldri meir ¬vera nokon fyrste i Egypt. Såleis spreier eg redsle i landet.
14
Eg legg Patros i øyde, set eld på Soan og held dom over No.
15
Eg lèt min harme ¬gå ut over Sin, den sterke festningsbyen ¬i Egypt, og rydjar ut folkehopen i No.
16
Når eg set eld på Egypt, må Sin vri seg og skjelva. No vert storma av fiendar, og Nof vert teke ¬midt på ljose dagen.
17
Dei unge menn i On ¬og Pi-Beset skal falla for sverd, dei andre må fara ¬i fangenskap.
18
I Takpanhes vert dagen mørk; der bryt eg styrarstavane ¬i Egypt, så den stolte makta i landet ¬tek slutt. Mørke skyer ¬skal liggja over byen, døtrene der ¬må fara i fangenskap.
19
Eg fullfører domen over Egypt, og dei skal sanna ¬at eg er Herren.
20
I det ellevte året, den sjuande dagen i den fyrste månaden, kom Herrens ord til meg, og det lydde så:
21
Menneske, eg har brote armen på farao, kongen i Egypt. Sjå, ingen har fetla han, så han kan verta frisk att. Ingen har lagt forbinding ¬på han, så han vert sterk nok ¬til å gripa sverdet.
22
Difor seier Herren Gud: No går eg mot farao, ¬kongen i Egypt. Eg vil knekkja armane hans, både den sterke og den brotne, og sverdet slår eg ¬or handa hans.
23
Så spreier eg egyptarane ¬mellom folka og strøyer dei ut i landa.
24
Eg gjer babylonarkongens ¬armar sterke og gjev han sverdet mitt ¬i handa; men armen til farao bryt eg, så han ligg for hans føter og styn med banesår.
25
Når eg gjer babylonarkongens ¬armar sterke, men lèt faraos armar siga, då skal de sanna ¬at eg er Herren. For eg legg mitt sverd ¬i babylonarkongens hand, og han retter det mot Egypt.
26
Når eg spreier egyptarane ¬mellom folka og strøyer dei ut i landa, då skal dei sanna ¬at eg er Herren.
← Chapter 29
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 31 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48