bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Ezekiel 41
Ezekiel 41
Norwegian N 78 NN
← Chapter 40
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 42 →
1
Mannen førte meg inn i tempelhalla, og han mælte veggpilarane der; dei var seks alner tjukke på kvar kant.
2
Døropninga var ti alner brei, og veggene på begge sider var fem alner. Han mælte tempelhalla, som var førti alner lang og tjue alner brei.
3
Så gjekk han til det inste romet og mælte pilarane attmed døra; dei var to alner. Sjølve døra var seks alner og veggene på begge sider sju alner.
4
Han mælte romet framfor halla, som var tjue alner langt og tjue alner breitt. Og han sa til meg: «Dette er Det høgheilage.»
5
Så mælte han tempelveggen, som var seks alner tjukk. Tilbygget med små rom som låg rundt heile templet, var fire alner breitt.
6
Det var i alt tretti siderom, det eine over det andre i tre høgder. I tempelveggen var det nokre framspring til støtte for bjelkane i sideroma ikring. Ingen bjelke gjekk inn i sjølve veggen.
7
Ein brei gang gjekk opp til sideroma. Rundt ikring templet, på alle kantar og heilt opp, var det rom. Difor hadde det ein brei gang som førte oppover, så ein kunne koma frå den nedste høgda til den øvste gjennom den mellomste.
8
Eg såg at rundt ikring templet låg bakken høgare; dette stykket var grunnvoll under sideroma og nådde ei heil mælestong, seks alner, ut til sida.
9
Ytreveggen i sideroma var fem alner tjukk. Mellom sideroma ved templet
10
og dei andre roma var det ein open plass, tjue alner brei; han gjekk rundt heile templet.
11
Sideroma hadde dører ut mot den opne plassen, ei dør mot nord og ei mot sør. Muren kring plassen var fem alner tjukk.
12
Bygningen som vende mot den avstengde plassen på vestsida, var sytti alner brei. Veggen i bygningen var fem alner tjukk heilt rundt og nitti alner lang.
13
Så mælte han templet; det var hundre alner langt. Den avstengde plassen med bygningen og murane i bygningen var òg hundre alner lang.
14
Framsida på templet og plassen, mot aust, var hundre alner brei.
15
Han mælte bygningen som låg ut mot den avstengde plassen, på baksida. Saman med gangvegane på begge sider var han hundre alner. Tempelhalla, det inste romet, og forhalla ut mot føregarden
16
var bordkledde. Gittervindaugo og murskråninga kring dei var bordkledde på tre kantar over murkransen. Og på veggene var det panel frå golvet opp til vindaugo
17
og over døropninga. Både inne i templet og utanfor, rundt ikring på alle veggene inne og ute, var det felt med
18
utskorne bilete av kjerubar og palmer, ei palme mellom to kjerubar. Kvar kjerub hadde to andlet.
19
Eit menneskeandlet var vendt mot palma på den eine sida og eit løveandlet mot palma på den andre sida. Slike bilete var det rundt ikring i heile templet.
20
Frå golvet til eit stykke ovanfor døra var det bilete av kjerubar og palmer på tempelveggene.
21
Tempelhalla hadde firkanta dørstolpar. Framfor den heilage staden kunne ein sjå noko som likna
22
eit altar av tre. Det var tre alner høgt og to alner langt. Det hadde to hjørne; fotstykket og veggene var av tre. Mannen sa til meg: «Dette er det bordet som står for Herrens åsyn.»
23
Tempelhalla hadde ei dobbeltdør,
24
og Det høgheilage hadde òg ei dobbeltdør. Dørene hadde to dørvenger, som kunne svingast; kvar dør hadde to dørvenger.
25
På tempeldørene var det bilete av kjerubar og palmer, like eins som på veggene. På utsida av forhalla var det eit skjermtak av tre.
26
På sideveggene i forhalla var det gittervindaugo med palmer på begge sider. Så var det i sideroma utanfor templet og skjermtaket òg.
← Chapter 40
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 42 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48