bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Ezekiel 6
Ezekiel 6
Norwegian N 78 NN
← Chapter 5
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 7 →
1
Herrens ord kom til meg, og det lydde så:
2
Menneske, vend andletet mot fjella i Israel, tal profetord mot dei
3
og sei: De Israels-fjell, høyr ordet frå Herren Gud! Så seier Herren Gud til fjella og haugane, til bekkene og dalane: Eg sender sverd mot dykk og gjer ende på offerhaugane.
4
Brennofferaltara dykkar skal øydeleggjast og røykjelsesaltara brytast sund. Og dei av dykk som vert drepne, lèt eg falla om framfor avgudane dykkar.
5
Lika av israelittane vil eg leggja framfor gudane dykkar, og beina av dykk vil eg strøya kring altara dykkar.
6
Kvar de så bur, skal byane øydeleggjast og offerhaugane liggja aude. Jamvel altara dykkar skal verta øydelagde og aude og gudebileta knuste og borttekne. Røykjelsesaltara skal hoggast ned, og alt de har laga, slettast ut.
7
Drepne menn skal falla midt imellom dykk. Då skal de sanna at eg er Herren.
8
Men eg lèt ein rest vera att når dei av dykk som slapp unna sverdet, skal leva mellom folkeslaga, spreidde rundt om i landa.
9
Dei av dykk som slepp unna, skal koma meg i hug ute mellom folka, der dei er i fangenskap. Det skal henda når eg har knust dei trulause hjarto deira som vende seg bort frå meg, og dei trulause augo deira som fylgde avgudane. Dei skal kjenna avsky for seg sjølve fordi dei har gjort så mykje vondt og stygt.
10
Då skal dei sanna at eg er Herren. Det er ikkje for ingenting eg har tala om å føra denne ulukka over dei.
11
Så seier Herren Gud: Slå hendene saman og trakka med foten! Rop ve over all den vonde styggedomen mellom israelittane! Dei skal falla for sverd eller døy av svolt eller i pest.
12
Dei som er langt borte, skal døy i pest; dei som er nær, skal falla for sverd, og dei som kjem velberga frå dette, skal døy av svolt. Eg fullfører min vreidedom over dei.
13
Dei skal sanna at eg er Herren, når deira falne ligg midt imellom avgudane deira og rundt ikring altara, på alle høge haugar og alle fjelltoppar, under kvart grønt tre og kvar lauvrik terebinte, alle stader der dei lét godange stiga opp til alle avgudane sine.
14
Eg vil retta handa ut mot dei, og kvar dei så bur, vil eg gjera landet til ei uhyggjeleg audn, verre enn Dibla-øydemarka. Då skal dei sanna at eg er Herren.
← Chapter 5
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 7 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48