bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Ezekiel 42
Ezekiel 42
Norwegian N 78 NN
← Chapter 41
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 43 →
1
Så førte han meg nordover til den ytre føregarden, til roma ut mot den avstengde plassen, på nordsida av bygningen.
2
Roma der var til saman hundre alner lange og femti alner breie.
3
Ut mot den tjue alner breie delen av den indre føregarden og steingolvet i den ytre føregarden var det avsatsar, den eine etter den andre, i tre høgder.
4
Framfor roma var det ein gangveg innover, ti alner brei og hundre alner lang. Roma hadde inngang mot nord.
5
Dei øvste roma var mindre enn dei andre; avsatsane tok bort meir plass frå dei enn frå roma i midten og nedst.
6
For dei var bygde i tre høgder, men dei hadde ikkje søyler så som det var i føregarden. Difor var dei øvste roma mindre enn dei mellomste og dei nedste.
7
Lenger ut gjekk det ein mur langs framsida av roma, bort imot den ytre føregarden; han var femti alner lang.
8
For lengda på dei roma som låg mot den ytre føregarden, var femti alner. Men dei som vende mot templet, var hundre alner.
9
Nedanfor desse roma var det ein inngang frå aust, når ein gjekk inn i dei frå den ytre føregarden,
10
der muren mot føregarden tok til. I sør, mot den avstengde plassen og mot bygningen, låg det òg rom,
11
og framfor dei var det ein veg. Dei såg ut som roma på nordsida. Dei var like lange og breie som dei og hadde like utgangar og inngangar og var like eins bygde som dei.
12
Til dørene i roma på sørsida førte ein inngang. Han var der vegen tek til, den vegen som gjekk langsmed den vernande muren; der kunne ein koma inn frå aust.
13
Då sa mannen til meg: «Roma i nord og i sør som ligg mot den avstengde plassen, det er dei heilage roma der prestane, som stig fram for Herren, et dei høgheilage offergåvene. Der skal dei òg leggja dei høgheilage gåvene og grødeofferet, syndofferet og skuldofferet; for det er ein heilag stad.
14
Når prestane er komne dit, skal dei ikkje forlata den heilage staden og gå ut i den ytre føregarden før dei har lagt frå seg kleda som dei bar då dei gjorde teneste; for dei er heilage. Dei skal ta på seg andre klede, og så kan dei gå dit der folket er.
15
Då han var ferdig med å mæla det indre tempelområdet, førte han meg ut gjennom den porten som vender mot aust, og mælte det heile på alle kantar.
16
Han mælte austsida med mælestonga si. Ho var fem hundre alner etter hans mål. Så snudde han seg
17
og mælte nordsida. Ho var fem hundre alner etter hans mål. Så snudde han seg
18
og mælte sørsida. Ho var fem hundre alner etter hans mål.
19
Til sist snudde han seg mot vestsida og mælte den. Ho var fem hundre alner etter hans mål.
20
Alle fire sidene mælte han. Rundt tempelområdet var det ein mur, fem hundre alner lang og fem hundre alner brei. Muren skulle skilja mellom det som er heilagt og det som ikkje er heilagt.
← Chapter 41
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 43 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48