bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Jeremiah 1
Jeremiah 1
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 2 →
1
Ord av Jeremia, son til Hilkia, ein av prestane i Anatot i Benjamin-landet.
2
HERRENS ord kom til han i dei dagane då Josjia, son til Amon, var konge i Juda, i det trettande styringsåret hans,
3
og i dei dagane då Jojakim, son til Josjia, var konge i Juda, heilt til slutten av det ellevte året då Sidkia, son til Josjia, var konge i Juda, då Jerusalem vart ført i eksil i den femte månaden.
4
HERRENS ord kom til meg:
5
«Før eg forma deg i mors liv, kjende eg deg, før du vart fødd, helga eg deg, til profet for folkeslaga sette eg deg.»
6
Men eg sa: «Å, min Herre og GUD! Sjå, eg kan ikkje tala, eg er for ung!»
7
Då sa HERREN til meg: «Du skal ikkje seia: Eg er ung! Overalt der eg sender deg, skal du gå, og alt eg byd deg, skal du seia.
8
Ver ikkje redd dei, eg er med deg og skal berga deg, seier HERREN.»
9
HERREN rette ut handa og rørte ved munnen min. Så sa HERREN til meg: «No legg eg orda mine i din munn.
10
Sjå, eg set deg i dag over folk og rike til å rykkja opp og riva ned, til å øydeleggja og knusa, til å byggja og planta.»
11
HERRENS ord kom til meg: «Kva ser du, Jeremia?» Eg svara: «Eg ser ei grein av eit vaketre.»
12
Då sa HERREN til meg: «Godt sett! For eg vil vaka over mitt ord og setja det i verk.»
13
HERRENS ord kom til meg for andre gong: «Kva ser du?» Eg svara: «Eg ser ei kokande gryte, ho hallar hit frå nord.»
14
Då sa HERREN til meg: Frå nord skal ulukka hellast ut over alle som bur i landet.
15
For no kallar eg på alle kongeslektene i nord, seier HERREN. Dei skal koma og reisa kvar si trone ved Jerusalems portopningar, mot alle murane ikring og mot alle byane i Juda.
16
Då vil eg seia min dom over dei for all deira vondskap, dei som forlét meg, tende offereld for andre gudar og tilbad verk av eigne hender.
17
Men du skal spenna beltet om livet, stå fram og seia til dei alt det eg byd deg. Ver ikkje redd dei, elles slår eg deg med redsle for dei.
18
Sjå, eg gjer deg i dag til ein festningsby, til ei jernstøtte og ein bronsemur mot heile landet, mot kongane i Juda, mot leiarane og prestane og folket i landet.
19
Dei skal gå til krig mot deg, men ikkje vinna. For eg er med deg, seier HERREN. Eg skal berga deg.
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 2 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52