bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Jeremiah 21
Jeremiah 21
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 20
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 22 →
1
Dette ordet kom til Jeremia frå HERREN då kong Sidkia sende Pasjhur, son til Malkia, og presten Sefanja, son til Maaseja, til han for å seia:
2
«Spør HERREN til råds for oss! For kong Nebukadnesar av Babel går til krig mot oss. Kanskje HERREN vil gjera eit under for oss, som han så ofte har gjort, så fienden dreg bort.»
3
Jeremia sa til dei: Dette skal de seia til Sidkia:
4
Så seier HERREN, Israels Gud: Sjå, eg tek frå dykk krigsvåpna de har i hendene, dei som de kjempar med utanfor muren mot kongen av Babel og mot kaldearane som kringset dykk. Eg samlar dei midt i denne byen.
5
Sjølv skal eg strida mot dykk med utstrekt hand og sterk arm, i vreide, harme og i veldig sinne.
6
Eg skal slå i hel dei som bur i denne byen, både menneske og dyr; dei skal døy i ein stor pest.
7
Og sidan, seier HERREN, gjev eg kong Sidkia av Juda, tenarane hans og folket, dei som er att i denne byen etter pest, sverd og svolt, i hendene på kong Nebukadnesar av Babel, til fiendane deira og folk som står dei etter livet. Dei skal hogga dei ned med sverd. Dei viser ikkje medkjensle, skånar ingen og viser ikkje miskunn.
8
Og til dette folket skal du seia: Så seier HERREN: Sjå, eg legg fram for dykk vegen til livet og vegen til døden.
9
Den som blir verande i denne byen, skal døy for sverd og svolt og pest. Men den skal få leva som går ut og gjev seg over til kaldearane som kringset dykk. Han får livet sitt som krigsbytte.
10
For når eg vender andletet mot denne byen, er det til det vonde og ikkje til det gode, seier HERREN. Han skal gjevast i hendene på kongen av Babel, som skal brenna han ned.
11
Til kongehuset i Juda: Høyr HERRENS ord,
12
du Davids hus! Så seier HERREN: Døm rett om morgonen, berg den som er rana, frå undertrykkjarens hand! Elles skal harmen min loga som eld og brenna utan at nokon sløkkjer, for alt det vonde de har gjort.
13
Sjå, eg kjem mot deg, du by som tronar over dalen, du berg på sletta, seier HERREN. De seier: «Kven kan koma over oss og trengja inn i våre bustader?»
14
Eg skal straffa dykk etter dykkar gjerningar, seier HERREN. Eg set fyr på skogen i byen, og elden skal øyda alt ikring.
← Chapter 20
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 22 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52