bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Jeremiah 6
Jeremiah 6
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 5
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 7 →
1
Berg dykk, benjaminittar, bort frå Jerusalem! Blås i horn i Tekoa, tenn varden på Bet-Hakkerem! For ei ulukke trugar frå nord, eit stort samanbrot.
2
Den vakre og bortskjemde dotter Sion gjer eg ende på.
3
Mot henne skal gjetarar koma med saueflokkane sine. Dei slår opp telt ikring henne, og kvar beiter sitt stykke snautt.
4
Lys heilag krig mot henne! Kom, lat oss gå til åtak midt på dagen! Ve oss, det lid mot kveld, og skuggane blir lange.
5
Kom, lat oss gå til åtak i natt og øydeleggja borgene hennar!
6
Så seier HERREN over hærskarane: Fell tre og kast opp ein voll mot Jerusalem! Ho er byen som skal krevjast til rekneskap, ho er full av undertrykking.
7
Som ei kjelde held vatnet kaldt, slik held byen vondskapen kald. Der høyrer ein om vald og ran, alltid ser eg sjukdom og sår.
8
Lat deg refsa, Jerusalem, elles bryt eg med deg og gjer deg til ein aud stad, eit land der ingen kan bu.
9
Så seier HERREN over hærskarane: Hald etterhaust på Israels rest som de gjer med vinstokken! Gå endå ein gong over rankene med handa lik ein som plukkar druer!
10
«Kven skal eg tala til og åtvara slik at dei høyrer? Sjå, dei har uomskorne øyre og kan ikkje høyra etter. Sjå, HERRENS ord er spott for dei, og dei bryr seg ikkje om det.
11
Men eg er full av HERRENS harme, eg er trøytt av å halda han att.» Så aus han ut over borna på gata og over flokken av unge menn som samlar seg! Både mann og kvinne skal fangast, gamle menn og oldingar.
12
Andre skal overta husa deira, markene og kvinnene òg. For no lyfter eg handa mot dei som bur i landet, seier HERREN.
13
For alle saman, små og store, skaffar seg urett vinning. Profet og prest, alle fer med svik.
14
Lettvint lækjer dei brotet i folket mitt, dei seier: «Fred, fred!» Men det er ikkje fred.
15
Dei skal bli til skamme, for dei har gjort avskyelege ting. Likevel skjemmest dei ikkje, veit ikkje kva vanære er. Difor skal dei falla mellom dei som er falne. Den timen eg krev rekneskap, skal dei snubla, seier HERREN.
16
Så seier HERREN: Still dykk på vegane og sjå! Spør etter dei gamle stigane, etter vegen til det gode! Gå på den, så skal de finna kvile for dykkar liv. Men dei svara: «Vi vil ikkje gå der.»
17
Eg sette vaktmenn over dykk. Lytt når hornet gjallar! Men dei svara: «Vi vil ikkje lytta.»
18
Difor, høyr, de folkeslag, og forstå, de som er samla, kva som skjer med dei.
19
Høyr, du jord! Sjå, eg fører ulukke over dette folket, frukta av deira eigne planar. For dei lytta ikkje til mine ord, og dei forakta mi lov.
20
Kva skal eg med røykjelse frå Saba og det beste krydder frå fjerne land? Brennoffera dykkar tek eg ikkje imot, slaktoffera gleder meg ikkje.
21
Difor seier HERREN: Sjå, eg legg snublesteinar for dette folket. Både fedrar og søner skal snubla i dei, granne og neste skal gå under.
22
Så seier HERREN: Sjå, det kjem eit folk frå landet i nord, eit stort folkeslag bryt opp frå ytste enden av jorda.
23
Dei har boge og sabel i handa, dei er grufulle og viser ingen nåde. Larmen drønnar som havet, på hestar kjem dei ridande, rusta til krig mot deg, dotter Sion.
24
Då vi høyrde ryktet, vart hendene våre slappe, trengsle greip oss, rier som hos ei fødande kvinne.
25
Gå ikkje ut på marka, ferdast ikkje på vegen, for fienden har sverd, redsle rår på alle kantar.
26
Mitt folk, mi dotter, bind sekkestrie om deg og velt deg i oske! Hald sørgjehøgtid over einaste sonen din, ei bitter klage. For brått kjem øydeleggjaren over oss.
27
Eg har sett deg til å prøva folket mitt slik ein prøver gull, du skal kjenna og prøva deira vegar.
28
Alle er trassige opprørarar, dei fer med sladder, dei er bronse og jern, øydeleggjarar er dei alle.
29
Blåsebelgen er svidd av elden, blyet er fjerna. Men det nyttar ikkje å smelta, dei vonde blir ikkje utskilde.
30
Forkasta sølv skal dei kallast, for HERREN har forkasta dei.
← Chapter 5
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 7 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52