bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Jeremiah 24
Jeremiah 24
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 23
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 25 →
1
HERREN synte meg: Sjå, to korger med fiken var stilte opp framfor HERRENS tempel. Det var etter at kong Nebukadnesar av Babel hadde drive Juda-kongen Jekonja, son til Jojakim, i eksil frå Jerusalem saman med stormennene i Juda, handverkarane og smedane, og ført dei til Babel.
2
I den eine korga var det fikenar av beste slag, like gode som forsommarfikenar. I den andre korga var det fikenar av dårlegaste slag, så dårlege at dei ikkje kunne etast.
3
HERREN sa til meg: «Kva ser du, Jeremia?» Eg svara: «Fikenar. Dei gode fikenane er av beste slag, og dei dårlege er av dårlegaste slag, så dårlege at dei ikkje kan etast.»
4
Då kom HERRENS ord til meg:
5
Så seier HERREN, Israels Gud: Slik du ser på desse gode fikenane, ser eg med godvilje på judearane i eksil, dei som eg sende frå denne staden til kaldearlandet.
6
Når eg vender auga mot dei til det gode, fører eg dei tilbake til dette landet. Eg skal byggja dei opp og ikkje knusa, planta dei og ikkje rykkja opp.
7
Eg gjev dei eit hjarte til å kjenna meg, for eg er HERREN. Dei skal vera mitt folk, og eg skal vera deira Gud når dei vender om til meg av heile sitt hjarte.
8
Men slik ein gjer med dårlege fikenar, så dårlege at dei ikkje kan etast, seier HERREN, slik vil eg gjera med Juda-kongen Sidkia og stormennene hans og resten av Jerusalem, både dei som er att her i landet, og dei som no bur i Egypt.
9
Eg gjer dei til ei redsle og ei ulukke for alle rike på jord, til ei vanære og eit ordtak, til eit spottord og ei forbanning på alle dei stader eg driv dei bort til.
10
Eg sender sverd og svolt og pest mot dei til dei blir utrydda frå den jorda eg gav dei og fedrane deira.
← Chapter 23
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 25 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52