bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Jeremiah 28
Jeremiah 28
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 27
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 29 →
1
Det var i det same året, i byrjinga av regjeringstida til Juda-kongen Sidkia, i den femte månaden i det fjerde året. I HERRENS hus, framfor auga på prestane og alt folket, sa Hananja, profeten frå Gibeon som var son til Assur, til meg:
2
«Så seier HERREN over hærskarane, Israels Gud: Eg bryt åket til kongen av Babel.
3
Før to år er gått, fører eg tilbake til denne staden alt utstyr frå HERRENS hus som Babel-kongen Nebukadnesar tok med seg herifrå og til Babel.
4
Og Juda-kongen Jekonja, son til Jojakim, og dei frå Juda som kom i eksil til Babel, skal eg føra tilbake til denne staden, seier HERREN, for eg bryt åket til kongen av Babel.»
5
Då svara profeten Jeremia profeten Hananja framfor auga på prestane og alt folket som stod i HERRENS hus.
6
Profeten Jeremia sa: «Amen! Måtte HERREN gjera slik! Måtte HERREN oppfylla orda du profeterer og føra utstyret frå HERRENS hus og alle som er i eksil, tilbake frå Babel til denne staden.
7
Høyr berre dette ordet som eg seier medan du og heile folket høyrer på:
8
Dei profetane som var i gamle dagar, før deg og meg, profeterte krig og ulukke og pest for mektige land og store rike.
9
Når ein profet profeterer fred, må ordet til profeten gå i oppfylling for at ein skal vita at han verkeleg er ein profet send av HERREN.»
10
Då tok profeten Hananja åket av nakken på profeten Jeremia og braut det sund.
11
Og framfor auga på alt folket sa Hananja: «Så seier HERREN: Slik vil eg, før to år er gått, bryta åket til kong Nebukadnesar av Babel, det som ligg over nakken på alle folkeslag.» Då gjekk profeten Jeremia sin veg.
12
Men etter at profeten Hananja hadde teke åket av nakken på profeten Jeremia og brote det sund, kom HERRENS ord til Jeremia:
13
«Gå og sei til Hananja: Så seier HERREN: Du har brote sund eit åk av tre. Men du skal laga åk av jern i staden.
14
For så seier HERREN over hærskarane, Israels Gud: Eit åk av jern legg eg over nakken på alle desse folkeslaga, for at dei skal tena kong Nebukadnesar av Babel og vera slavar under han. Sjølv dei ville dyra gjev eg over til han.»
15
Då sa profeten Jeremia til profeten Hananja: «Høyr, Hananja! HERREN har ikkje sendt deg, men du har fått dette folket til å lita på løgn.
16
Difor seier HERREN: Sjå, no sender eg deg bort frå jorda! I år skal du døy, for du forkynte fråfall frå HERREN.»
17
Profeten Hananja døydde same året, i den sjuande månaden.
← Chapter 27
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 29 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52