bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Jeremiah 39
Jeremiah 39
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 38
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 40 →
1
Det var då Jerusalem vart teken. [1] I det niande året Sidkia var konge i Juda, i den tiande månaden, kom kong Nebukadnesar av Babel til Jerusalem med heile hæren sin og kringsette byen.
2
I Sidkias ellevte år, på den niande dagen i den fjerde månaden, braut dei gjennom bymuren.
3
Då kom alle Babel-kongens embetsmenn og tok sete i Midtporten: Nergal Sar-eser av Samgar-Nebu, Sar-sekim Rab-saris, Nergal Sar-eser Rab-mag og alle dei andre embetsmennene til kongen av Babel.
4
Juda-kongen Sidkia og alle krigarane hans fekk auge på dei og rømde. Dei forlét byen om natta gjennom kongens hage ved porten mellom dei to murane. Han tok vegen mot Araba-sletta.
5
Men kaldearhæren sette etter dei og nådde Sidkia att på slettene ved Jeriko. Dei tok han til fange og førte han opp til Ribla i Hamat-landet, til Babel-kongen Nebukadnesar, som felte dommen over han.
6
I Ribla drap kongen av Babel sønene til Sidkia medan han såg på. Kongen av Babel drap òg alle stormennene i Juda.
7
Så stakk han ut auga på Sidkia og batt han med bronselenkjer for å føra han til Babel.
8
Kaldearane brende både kongens slott og husa til folket, og murane kring Jerusalem reiv dei ned.
9
Dei som var att i byen, og dei som hadde gått over til babylonarkongen, og dei som elles var att i folket, vart førte til Babel i eksil av Nebusaradan, sjefen for livvakta.
10
Berre nokre av dei fattigaste i folket, dei som ingenting eigde, lét livvaktsjefen Nebusaradan vera att i Juda, og samstundes gav han dei vinmarker og åkrar.
11
Kong Nebukadnesar av Babel gav livvaktsjefen Nebusaradan denne ordren om Jeremia:
12
«Ta han og hald auge med han. Du skal ikkje gjera han noko vondt, men det han sjølv bed om, skal du gjera med han.»
13
Livvaktsjefen Nebusaradan, Nebusjasban Rab-saris, Nergal Sar-eser Rab-mag og alle stormennene til Babel-kongen
14
sende bod om at Jeremia skulle takast ut or vaktgarden. Dei gav han over til Gedalja, son til Ahikam, Sjafans son, som skulle ta han heim til seg. Så fekk han bu mellom folket.
15
HERRENS ord kom til Jeremia medan han sat fengsla i vaktgarden:
16
Gå og sei til Ebed-Melek frå Kusj: Så seier HERREN over hærskarane, Israels Gud: Sjå, no oppfyller eg mitt ord om denne byen, til det vonde og ikkje til det gode. Det skal henda rett framfor auga på deg den dagen.
17
Men eg vil berga deg på den dagen, seier HERREN. Du skal ikkje koma i hendene på dei mennene du er redd.
18
Eg lèt deg sleppa unna. Du skal ikkje falla for sverd, men få livet som krigsbytte fordi du stola på meg, seier HERREN.
← Chapter 38
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 40 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52