bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Genesis 10
Genesis 10
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 9
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 11 →
1
Dette er slektshistoria til Noahs søner, Sem, Ham og Jafet. Dei fekk søner etter storflaumen.
2
Sønene til Jafet var Gomer, Magog, Madai, Javan, Tubal, Mesjek og Tiras.
3
Sønene til Gomer var Asjkenas, Rifat og Togarma.
4
Sønene til Javan var Elisja, Tarsis, Kittim og Rodanim.
5
Frå dei har folkeslaga på fjerne kystar breidd seg ut i sine land, kvart med sitt språk, slekt for slekt, folkeslag etter folkeslag.
6
Sønene til Ham var Kusj, Misrajim, Put og Kanaan.
7
Kusj hadde sønene Seba, Havila, Sabta, Rama og Sabteka. Sønene til Rama var Saba og Dedan.
8
Kusj vart far til Nimrod. Han var den første som vart mektig på jorda.
9
Han vart ein veldig jeger for HERRENS andlet. Difor heiter det: «Som Nimrod, ein veldig jeger for HERRENS andlet.»
10
Først omfatta kongedømet hans Babel, Erek, Akkad og Kalne i landet Sinear.
11
Frå dette landet drog han til Assur og bygde Ninive, Rehobot-Ir og Kalah
12
og Resen mellom Ninive og Kalah, det er den store byen.
13
Misrajim vart far til ludarane, anamarane, lehabarane, naftuharane,
14
patrusarane og kasluharane, dei som filistrane har kome frå, og kaftorarane.
15
Kanaan vart far til Sidon, den førstefødde, og til Het,
16
og dessutan til jebusittane, amorittane og girgasjittane,
17
hevittane, arkittane, sinittane,
18
arvadittane, semarittane og hamatittane. Sidan spreidde kanaanearslektene seg vidare utover.
19
Landområdet til kanaanearane strekte seg frå Sidon til Gaza, når ein tek leia bort imot Gerar, og til Lesja, når ein tek leia bort imot Sodoma, Gomorra, Adma og Sebojim.
20
Dette var Hams etterkomarar, slekt for slekt og språk for språk, land etter land og folkeslag etter folkeslag.
21
Sem, eldste bror til Jafet, fekk òg born. Han vart stamfar til alle Eber-sønene.
22
Sønene til Sem var Elam, Assur, Arpaksjad, Lud og Aram.
23
Sønene til Aram var Us, Hul, Geter og Masj.
24
Arpaksjad vart far til Sjelah, og Sjelah vart far til Eber.
25
Eber fekk to søner. Den eine heitte Peleg, for i hans dagar vart jorda delt opp. Bror hans heitte Joktan.
26
Joktan vart far til Almodad, Sjelef, Hasarmavet, Jerah,
27
Hadoram, Usal, Dikla,
28
Obal, Abimael, Saba,
29
Ofir, Havila og Jobab. Alle desse var sønene til Joktan.
30
Dei hadde bustadene sine frå Mesja bort imot Sefar, i fjella mot aust.
31
Dette var Sems etterkomarar, slekt for slekt og språk for språk, land etter land, folkeslag for folkeslag.
32
Og dette var slektene etter sønene til Noah, slektshistorie for slektshistorie, folkeslag etter folkeslag. Frå dei har folkeslaga breidd seg ut over jorda etter storflaumen.
← Chapter 9
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 11 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50