bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Genesis 4
Genesis 4
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 3
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 5 →
1
Mannen var saman med Eva, kvinna si. Ho vart med barn og fødde Kain. Då sa ho: «Eg har bore fram ein mann ved HERRENS hjelp.»
2
Sidan fødde ho Abel, bror hans. Abel vart sauegjetar, Kain vart jorddyrkar.
3
Då det hadde gått ei tid, hende det at Kain bar fram eit offer for HERREN av grøda på åkeren.
4
Abel òg bar fram eit offer, av dei førstefødde dyra frå småfeet og av feittet på dei. HERREN såg med velvilje på Abel og offeret hans,
5
men på Kain og hans offer såg han ikkje med velvilje. Då vart Kain brennande harm og såg ned.
6
HERREN sa til Kain: «Kvifor er du harm, og kvifor ser du ned?
7
Dersom du vil gjera det gode, kan du sjå opp, men om du ikkje vil det gode, ligg synda klar ved døra. Ho ønskjer makt over deg, men du skal herska over henne.»
8
Sidan sa Kain til Abel, bror sin: {{«Lat oss gå ut på marka!»}} Og medan dei var der ute, gjekk Kain laus på Abel, bror sin, og drap han.
9
Då sa HERREN til Kain: «Kvar er Abel, bror din?» Han svara: «Eg veit ikkje. Er eg vaktar for bror min?»
10
Då sa HERREN: «Kva har du gjort? Blodet til bror din ropar til meg frå jorda!
11
Forbanna er du! No skal du vera bannlyst frå den jorda som opna munnen og tok imot blodet til bror din frå di hand.
12
Når du dyrkar åkeren, skal han ikkje meir gje deg av rikdomen sin. Fredlaus og flyktning skal du vera på jorda.»
13
Då sa Kain til HERREN: «Skulda mi er for tung å bera.
14
Sjå, i dag driv du meg bort frå landet. Eg må gøyma meg for deg. Fredlaus og flyktning blir eg på jorda, og den som finn meg, kan slå meg i hel.»
15
Men HERREN sa til han: «Nei! Slår nokon Kain i hel, skal det hemnast sju gonger.» Og HERREN sette eit merke på Kain så ingen som møtte han, skulle drepa han.
16
Så drog Kain bort frå HERREN og busette seg i landet Nod, austafor Eden.
17
Kain var saman med kvinna si, og ho vart med barn og fødde Henok. Så bygde han ein by og gav han namn etter Henok, son sin.
18
Henok fekk sonen Irad, og Irad vart far til Mehujael. Mehujael vart far til Metusjael, og Metusjael vart far til Lamek.
19
Lamek tok seg to koner. Den eine heitte Ada, den andre heitte Silla.
20
Ada fødde Jabal. Han vart stamfar til dei som bur i telt og held buskap.
21
Bror hans heitte Jubal. Han vart stamfar til alle dei som spelar på lyre og fløyte.
22
Silla fødde òg ein son, Tubalkain. Han smidde alle slag reiskapar av bronse og jern. Syster til Tubalkain var Naama.
23
Lamek sa til konene sine: «Ada og Silla, høyr på meg, Lameks koner, lytt til mine ord: Ein mann drep eg for eit sår, ein gut for ei skramme.
24
Kain skal hemnast sju gonger, men Lamek syttisju gonger.»
25
Adam var igjen saman med kvinna si, og ho fødde ein son og kalla han Set. «For Gud har gjeve meg eit nytt barn i staden for Abel, sidan Kain drap han.»
26
Set fekk òg ein son og gav han namnet Enosj. På den tida byrja dei å kalla på HERRENS namn.
← Chapter 3
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 5 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50